- Det buldrar i området der det har gått to ras i ei renne, fortel politibetjent Matz Kroken Åsebø til Møre-Nytt.

Det var torsdag kveld i 20.30-tida det gjekk eit jordras over E39 mellom Sandvika og Lianeset. Politiet opplyser at ingen personar var i raset, men vegen er sperra. Raset dekkjer vegen og er 20-30 meter breitt og skal vere mellom ein halv og ein meter høgt.

Det er ikkje busetnad der skredet, som kan likne eit vassglop, har gått. Området Rindesvingane er rasutsett og der har vore gjort arbeid for å hindre skred med å forme løp i terrenget.

Ørsta brannvern og brannvernet frå Vartdal bistår i arbeidet og har mannskap på begge sider av raset for å stoppe og snu trafikken.

Omkøyring er via Eiksundsambandet.

Årsaka til skredet er store nedbørsmengder. Frå torsdag ettermiddag til og med fredag kveld er det venta lokalt mykje nedbør. Det kan lokalt kome 70-120 mm i løpet av 36 timar.