Det var ein enorm folkemasse som hadde samla seg utanfor sjukehuset og utover eit stort område. Her fann ein folk i alle aldrar, alle med eit hjarte for Volda sjukehus.

Butikkane var utselde for faklar før fakkeltoget som handla om å redde akuttkirurgien på sjukehuset. Folk med og utan faklar kom for å slå ring kring sjukehuset og for å høyre appellar.  Og samtlege som tok ordet var tydeleg provoserte over framlegget som helse- og omsorgsminister Bent Høie har kome med. Han miener befolkningsgrunnlaget må vere minst 60.000-80.000 for å få halde på akuttkirurgien. Fem sjukehus vil kunne halde fram som akuttsjukehus med minimum indremedisin, anestesi og planlagd kirurgi, men dermed miste akuttkirurgien. Det er Volda, Narvik, Lofoten, Stord og Flekkefjord.

- Det er ikkje hjelp i at der er gode legar på dei sentrale sjukehusa dersom pasienten er død når han kjem fram dit, sa lege Ingeborg Henriksen. Ho peika på at kirurgen er grunnmuren på sjukehusa og at akuttkirurgien i Volda gjev god og trygg behandling til 70 prosent av pasientane. Henriksen meinte at utan kirurgi er det ikkje nokon akuttfunksjon på sjukehuset.

- Bent Høie; du kan ikkje gjere om den feilen du no er i ferd med å gjere. Det er ingen skam å snu! Oppmoda Henriksen.

Ma Ortiz fortalde om den dramatiske fødselen då ho heldt på å blø ihel. Saka kan lesast i Møre-Nytt i dag, tysdag.

- Det er eit mirakel at eg står her i dag. Hadde eg måtte køyrt til Ålesund, hadde eg ikkje berga livet, sa ei tydeleg rørt Ortiz til ei lydhøyr forsamling.

Leiar i Folkeaksjonen for Volda sjukehus, Per Johan Ramsli,  oppsummerte sin appell slik:

- Det enorme oppmøtet her i dag gjev ei klar melding: dette finn vi oss ikkje i!