Saka skal opp i formannskap og kommunestyre denne veka. Løyvet skal gjelde sal av alkohol inntil 4,7 vol % i daglegvarebutikkar på den ordinære valdagen.

Bakgrunnen er at forbodet mot butikksal vart oppheva gjennom ei endring av alkohollova, med verknad frå 1. januar i år. Som følgje av denne endringa vart Vinmonopolet sine opningstider endra tilsvarande. Den særlege regelen om at Vinmonopolet sine butikkar skal halde stengt julaftan, gjeld framleis.

Rådmannen presiserer at dersom kommunen ikkje opnar for ølsal på valdagen, vil Vinmonopolet sitt lokale utsal måtte halde stengt.Skjenkestadene har hatt høve til å servere alkohol valdagen, og med dette som bakgrunn har ikkje rådmannen særlege merknader til den nye endringa.

Frå 2005 har det også vore høve til å skjenke brennevin denne dagen. Rådmannen vurderer difor den rusmiddelpolitiske effekten av endringa som svært liten.

– Og det faktum at om lag 30 prosent av veljarane førehandsrøyster, tilseier at akkurat denne regelen i alkohollova må seiast å ha eit meir symbolsk/praktisk innhald.