– Eg prøver å gå i djupna på kritikken av Vassendgutane, både korleis bandet sjølv opplever den og korleis musikkjournalistane og kritikarane grunngir den, seier Oldeide til Møre-Nytt.

Oldeide kjem frå Ålesund, men er halvt ørsting. Før sommaren jobba han døgnet dreiande for å få ferdig filmen om karane frå Åmdalen. Filmen er ein del av mastergraden han tek i Dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda

Sjølv om Oldeide hadde god erfaring som journalist, hadde han aldri prøvd seg på dokumentarsjangeren før denne filmen. Oldeide har gjort nesten alt sjølv, og resultatet er ein 53 minutt lang film.

– Eg er førstereisgut i dokumentarproduksjon, og har lært alt frå grunnen av. Det har vore enormt mykje arbeid og ein veldig bratt læringskurve. Eg vil ikkje anbefale det til nokon, seier den ferske dokumentaristen lurt og legg til:

– Men det har vore utruleg artig og eg angrar ikkje i det heile. Eg er nøgd med resultatet, seier han.

Filma i over eit år

Oldeide starta filminga då Vassendgutane varma opp for den amerikanske countrystjerna Brad Paisley i Oslo Spektrum i april i fjor.

– Eg var med i turnébussen vidare framover sommaren, mellom anna på countryfestivalen i Seljord. Det var jo nesten verdt ein studie i seg sjølv! seier Oldeide.

I vår gav Vassendgutane ut plata «Skru opp!!». Siste innspelingsdag for Oldeide var under sleppfesten i Kiwi-hallen i Ørsta 15. mai.

– Eg følgde dei i arbeidet med denne plata, og var med i studio og på øvingar.

– Var det vanskeleg å få dei til å vere seg sjølve medan filmen rulla?

– Dei tenkte nok litt meir over kva dei sa heilt i starten, men det gjekk seg veldig fort til. Eg trur filmen gir eit reelt bilde av bandet. Dei er sympatiske og morosame karar, seier han.

Slakta, men toppa VG-lista

«Skru opp!!» stod tradisjonen tru til terningkast 2 og fekk totalslakt i både VG og Dagbladet. Likevel gjekk plata rett til topps på VG-lista. Det gav Oldeide godt materiale til dokumentaren.

– Eg har ikkje berre intervjua Vassendgutane, men også fått synspunkta til «den andre sida».

Musikkjournalistane Asbjørn Slettemark (NRK), Stein Østbø (VG) og Olav Gorseth (Bergens Tidende) med fleire har alle fått sagt sitt i filmen.

– Også Reidar Brendeland, betre kjent som Vestlandsfanden, kjem med sterke meiningar om norske musikkmeldarar si evige slakt av den folkelege norske musikken. I tillegg har eg snakka med folk på gata i Oslo, Bergen og Ørsta, og bede dei gi sine terningkast på Vassendgutane. Eg kan avsløre at det var litt andre meiningar i Ørsta enn i Oslo.

Ingen hyllest

Oldeide er klar på at filmen ikkje er meint som nokon hyllest til bandet frå Åmdalen.

– Før vi starta, gav eg klar beskjed om at dette var min film, og eg måtte bestemme korleis han skulle bli. Det er viktig å bevare den journalistiske integriteten i eit slikt prosjekt. Eg høyrer ikkje særleg mykje på Vassendgutane sjølv, så det er heller ikkje grunnen til at eg valde dette temaet. Misforholdet mellom bandets store popularitet opp mot den evige kritikarslakta er filmens kjerne. Vassendgutane er jo heilt klart eit fenomen. Suksessen deira er eit norsk eventyr, seier han.

No er dokumentaren valt ut til å vere med på Forskningsdagene i Volda. Det blir både debatt om og visning av filmen på Rokken i Volda 21. september. På Vassendgutane si Facebook-side lurer allereie fleire på kvar dei kan få sjå filmen.

– Han er også meldt på til BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival), og eg har eit stort håp om at han blir vist der. I tillegg kan Dokfilm i Volda og Tromsø Internasjonale Filmfestival bli aktuelt, kanskje TV, men dette er for tidleg å seie noko om enno. No er eg berre spent på premieren, seier han.