Lars Oscar Fossen har inngått avtale med eigaren av den tidlegare bruktbilhallen, Per Sporstøl, der Fossen får overta ansvaret for hallen. Hallen har tilhøyrd drifta av Ørsta Bil som no har flytta til Hovdebygda.

Dialog

– Eg har hatt ein lang og god dialog med Sporstøl om hallen. Og vi er samde om at eg skal få overta hallen med sikte på at han skal fjernast. Denne hallen er stor og skjemmande for sentrum der han ligg i sjøkanten, og ikkje minst for bebuarane på Ørsta Brygge som eg har eit godt forhold til. Det er ei viktig sak for meg å få fjerna hallen, seier Fossen.

Penare

Han ivrar for eit penare Ørsta sentrum, og mykje har skjedd på den fronten etter at Fossen tidleg i sommar kom med ei skjennepreike i Møre-Nytt der han viste til forfallet i sentrumsområdet. Sidan har fleire teke ansvar og måla og stelt eigedomane sine, og ein kan dagleg sjå målarar i stillas langs husveggene i Ørsta sentrum. Foreininga Ørsta Sentrum vart også skipa som eit resultat av dugnadsvinden, ei dugnadsbasert foreining som jobbar for eit penare sentrum.

No ønskjer Lars Oscar Fossen at plasthallen vert fjerna snarast. Han har inngått ein munnleg avtale med Ørsta Sentrum. Dei vil gjerne overta hallen og setje han opp på ein høveleg stad med ny pressening.

– Vi er svært interessert i å overta plasthallen og har konkrete planar for ny bruk, seier Gunnar Knutsen som er styremedlem i Ørsta Sentrum.

Lars Oscar Fossen føreset at hallen vert fjerna rimeleg raskt.

– Tenk kor mykje penare det vert i dette området når plasthallen vert fjerna. Dette vil bety mykje for både naboar og andre, seier ein oppglødd Fossen.