– For nokre dagar sidan rapporterte dei at dei var ferdig med å måle 60 prosent av området, så dei blir truleg ferdige no i juli, seier Odleiv Olesen, prosjektleiar i NGU, til Møre-Nytt.

Dei to kanadiske flya er stasjonerte på Hovden, og blir brukte til å gjere geofysiske undersøkingar av grunnen frå Frøya i nord til Sognefjorden i sør. Flya er spesialutrusta variantar av Piper Navajo, og eigde av det Quebec-baserte selskapet Novatem.

– Denne gongen samlar vi berre inn data om jordmagnetiske felt, medan vi tidlegare har målt radioaktivitet også, seier Olesen.

Målesensorane til flya ligg inne i flya og på vingespissane.

13.000 kvadratmeter

Området som blir undersøkt er på til saman 13.000 kvadratkilometer.

– Dette er eit prosjekt som har pågått sidan 2010. Novatemt gjorde også undersøkingar i Noreg i 2011–2014. Skilnaden no er at dei berre gjer målingar ute i havet, medan dei tidlegare har floge over land også. I vanskelege område over land bruker NGU helikopter, forklarer Olesen.

Over land er det lett å legge merke til flya. Dei flyg så lågt som mellom 60 og 100 meter, og følgjer spesielle mønster. Over havet merkar folk mindre til dei.

Finansiert av oljeselskap

Prosjektet er finansiert av ni oljeselskap, Oljedirektoratet og NGU.

– Hovudmålet er å kartlegge berggrunnen. Saman med andre geofysiske data kan dei nye flymagnetiske data gje informasjon om potensialet for funn av nye av olje-, gass- og mineralførekomstar. Men desse data som kan brukast til andre formål. Til dømes kan vi kartlegge område der det er sannsynleg med radonproblem i hus, og vi kan sjå på potensialet for å hente ut djup geotermisk energi frå berggrunnen.

Prosjektet har vorte utvida fleire gonger. Området frå Sunnfjord til Sognefjorden er kartlagt tidlegare, og område i Nord-Noreg blir også kartlagt innanfor andre prosjekt.

Når denne runden med undersøkingar er fullført, er alle områda med grunt nok vatn i havet utanfor Nordvestlandet undersøkt.

Prosjektleiar: Odleiv Olesen i NGU. foto: NGU