Mannen var tiltalt for ransforsøk, oppbevaring og bruk av narkotika, to brot på vegtrafikklova og uaktsam køyring som førte til ei trafikkulykke. I retten erkjente mannen seg delvis skyldig i ransforsøket, og skyldig i dei andre tiltalepunkta. Årsaka til at mannen erkjente seg delvis skyldig i ransforsøket var at han ikkje hugsar at det har skjedd, men han meinte at det like fullt kan ha skjedd. Mannen lukkast ikkje i ransforsøket der han beordra to personar å gi han «stoffet og pengane» og truga med ein softgun som likna på ein pistol.

Mannen var tidlegare straffedømd ei rekkje gonger. I 2014 vart han dømd til samfunnsstraff, og dommen er gjennomført.I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til samfunnsstraff i 330 timar med ei gjennomføringstid på elleve månader, subsidiært fengsel i elleve månader. Mannen vart frådømt retten til å føre motorvogn i atten månader. Han vart frifunnen for kravet om oppreisningserstatning, men må betale sakskostnader på 3.000 kroner.