– Den 5. november så skal vi ha eit seminar rundt Håpskuleprosjektet ved folkehøgskulen. I samband med dette har vi von om å kunne reise rundt i Ørsta og gjere småjobbar mot litt betaling, seier Gunnar Johnsen som er assistent ved skulen.

Håpskule-prosjektet er ei form for hjelpearbeid som vart starta opp av Møre Folkehøgskule i 2003. Prosjektet går i hovudsak ut på å støtte tre ulike barneskular økonomisk. Dette går føre seg ved å løyve midlar til konkrete prosjekt på skulane, prioritert av rektor og skuleleiing, i tillegg til å støtte enkeltelevar på skulane med nødvendig skulemateriell.

– Vi ynskjer å ta på oss jobbar som ikkje er for tekniske, men det kan vere løfting eller bæring, måling, vasking av bilar eller hagearbeid. Alle midlar som kjem inn for dette arbeidet vil gå inn i Håpskule-prosjektet.

Alle elevane ved Møre FHS skal ta del i dugnaden.

– Vi vonar at flest mogleg får noko å gjere, og dei som vil ha hjelp kan ta kontakt med folkehøgskulen. I tillegg vil vi spørje folk etter panteflasker.