– Oppfiska kvantum viser ein ganske god fiskesesong for Ørstaelva. Totalvekta på fiskane var på i overkant av 2,2 tonn. vi trur at hovudgrunnen til eit noko svakare resultat i år, samanlikna med i fjor, var lågare vassmengd i elva i deler av sesongen, melder Ørstavassdraget Elveeigarlag ved Nils Olav Brekke.

Det var ei avgrensing på to laks eller aurar per døgn i elva, og ei sesonggrense på 10 fisk. Elva var også nattestengd frå midnatt til klokka 06.00 om morgonen, bortsett frå sonene Mo og Ose, der flo og fjøre avgjorde om elva skulle vere nattestengt eller morgonstengt.

– Innslaget av oppdrettsfisk verka å vere lite i sjølve fiskesesongen. Diverre har det siste par vekene vore observert og fiska opp nokre få oppdrettslaksar og regnbogeaure i nedste delane av elva. Her trur vi til dels at det er tale om både fisk som har rømt før og nyleg rømt fisk. Likevel, talet på oppdrettsfisk så langt er ikkje stort, melder elveeigarlaget.

Dei har hatt besøk av Ferskvannsbiologene, som har dykka nedover heile elva for å påvise og harpunere oppdrettsfisk. Rapport frå dette kjem i løpet av vinteren.

Elveeigarlaget fortel at dorging i fjorden også har påverka sesongen i elva.

– Grunna lite vatn har det vore dorga både lovleg og ulovleg utanfor elveosen, der fleire båtar har patruljert utanfor osen gjennom heile sesongen. Det har vore fiska mykje på dorg i fjorden. Det var mykje fisk i osen, og dorgarar kom tilreisande. Heile denne situasjonen har påverka fisket i elva, melder dei.