Fem månaders fengselsstraff

Ei kvinne 40-åra er i Sunnmøre tingrett dømd for fleire narkotikalovbrot, vinningskriminalitet og brot på legemiddellova. Kvinna var tidlegare domfelt seks gongar, seinast i oktober 2015 vart ein dom på samfunnsstraff omgjort til 105 dagar i fengsel. Straffa er ikkje sona.

I Sunnmøre tingrett vart kvinna dømd til fem månader i fengsel. Ho må betale erstatning på 28.819 kroner til eit selskap, og 4.000 kroner i erstatning til ein privatperson.