Formannskapsmedlem Per-Are Sørheim (H) var klar i kanten etter at eigedomsseksjonen orienterte om planlegginga av fleirbrukshallen tysdag.

– Blir kostnaden større enn det, må saka tilbake til kommunestyret. Så enkelt er det.

Orienteringa frå administrasjonen bar preg av at det knytt uvisse til korleis hallen skal sjå ut og kva funksjonar han skal ha. I førre veke gjekk Ørsta idrettslag ut i Møre-Nytt og åtvara mot å vere for knipen i storleiken og funksjonsfordelinga på hallen.

– Vi ser at forventningane til hallen er mykje større enn kva vi kan innfri med ei ramme på 150 millionar kroner, sa Irene Graskopf, seksjonsleiar for eigedom i Ørsta kommune.

– Skal vi teikne ein hall slik brukarane ønskjer han, eller skal vi teikne ein hall med den ramma vi har på 150 millionar kroner, var spørsmålet frå prosjektleiar Frank Flusund til politikarane.

– Vi ligg allereie på ei smertegrense for kva vi kan få til for den summen på 150 mill. kr, la han til.

– Må ha is i magen

Administrasjonen håpte at planane for hallen skulle vere komne lenger no. Det byrjar nemleg å haste om søknaden om spelemidlar skal bli klar før fristen. Dei var difor interesserte i å få ei avklaring frå formannskapet om kva hallen skal innehalde.

– Eg forstår at det er lett å bli stressa her, men eg trur vi må ha is i magen og halde oppe dialogen med lag og organisasjonar. Elles får vi fort ein hall som ikkje funksjonell, og går på ein smell seinare, sa varaordførar Karen Høydal (Ap).

- Har fått på plass det meste

Ordførar Stein Aam hadde gått gjennom saka på førehand, og meinte situasjonen var meir handterleg enn det idretten har gitt inntrykk av.

– Vi har auka hallen frå 7.250 til 8.000 kvadratmeter, samanlikna med skissene som låg føre for hallen på Mosflata. Då har vi teke inn klubbhus til Ørsta IL, løyst problemet med samtidig bruk av løpebanene og handballbanene, fått på plass stort nok retardasjonsområde for løpebanene, gjort endringar i vestibylen med glasvegg mot stadionområdet og vi har auka arealet på inngangspartiet. Det ser også ut til vi klarer tre og ein halv meters høgd i bordtennis området, og oppfyller dermed nesten klubben sitt ønske på fire meter.Det som då står att, er eitt ekstra sett med garderobar.

– Klarer vi å få på plass det, då har vi eit veldig godt prosjekt. Når det gjeld prisen, så har vi ei ramme å halde oss til. Vi skal få ein hall som er best mogleg og størst mogleg, til ein best mogleg pris. Med den marknaden som er i byggebransjen no, trur eg vi kan få ein god pris.

8.000 kvadratmeter

Det blir snakka om at hallen må opp endå eit hakk, frå 8.000 til 8.500 kvadratmeter, for å få plass til alt. Rådmann Wenche Solheim avviste at det er aktuelt å planlegge ein slik hall med det vedtaket som ligg føre i dag.

– Vi snakkar om 8.000 kvadratmeter. Vi har ein stor sjanse for å få dette til no, til ein akseptabel pris. Får vi tilbod på 190 millionar kroner, har vi eit problem. Men då har vi teke heilt feil av marknaden, og det trur eg ikkje skjer. Går vi over ramma, må saka uansett tilbake til kommunestyret. Det er også viktig at vi held kostnadene nede no, dersom vi skal ha råd til å bygge symjehall på eit seinare tidspunkt, forklarte Solheim.

– Dette prosjektet er så godt som gryteklart, og no skal vi få dette i mål til ein pris vi kan leve med, konkluderte ordføraren.