Fysioterapeut Eline G. Vattøy frå Ulsteinvik starta i jobben tidleg i august i år, og har funne seg godt til rette i Optimal Helseklinikk sine lokale i Ørsta sentrum. Ho har utdanning innan klinisk nevrologisk fysioterapi, ei utdanning få, om nokon, i området kan skilte med.

– Eg tilbyr behandling av pasientar med skade og sjukdom i sentralnervesystemet. Det vere seg slag, MS, parkinsson og liknande, og også andre nerve- og muskelsjukdomar, muskel- og skjelettplager, svimmelheit og balanseproblem, fortel Vattøy.

Master

Ho er fysioterapeut i botn, med bachelor frå Bergen, og ho har jobba fleire år ved sjukehuset i Haugesund, samstundes som ho tok master i klinisk nevrologisk fysioterapi ved Universitetet i Tromsø. No har ho flytta heim til Ulsteinvik og har starta kvardagen med jobb på Optimal i Ørsta.

– Eg jobbar også mykje med å sjå kva som skal til for å optimalisere ei rørsle. Dette er overførbart til alle typar pasientar. Eg er oppteken av å optimalisere funksjonar. Det treng ikkje berre om å handle om nevrologi, eg kan også behandle idrettsskadar, belastningsskadar og liknande, fortel Vattøy.Ho er oppteken av å finne og behandle årsaka til problema folk har, heller enn å berre behandla symptoma.– På Optimal Helseklinikk samarbeider vi på tvers av faga våre, slik at pasientane får den oppfølginga dei skal ha. Det er ein god måte å jobbe på, både for oss og dei som kjem til oss for behandling.

Osteopat

Ny i staben er også osteopat Thomas C. Hansen frå Oslo. Han vart lokka til Sunnmøre og Ørsta av sambuaren, og har akkurat hatt si første veke på jobb. Han har bachelor i osteopati og har 3 års erfaring frå Klinikk for alle i Ski der han har opparbeidd seg brei erfaring med mange ulike problemstillingar.

– Ein osteopat behandlar muskel- og skjelettplager, enkelt forklart. Det kan vere snakk om folk som har problem med korsryggen, nakkeplager, skulderplager, bekken og liknande. Frå topp til tå.Hansen har også massasjeutdanning og er muskelterapeut og kombinerer dette med osteopatien. – Og som Eline seier, så handlar det mykje om å finne årsaka til problema folk har, heller enn å berre behandle symptoma. Målet er at folk med plager skal fungere i kvardagen, på best mogleg måte.

Kapasitet

Dei to oppmodar folk om å ta kontakt.

– Det er gjerne lange ventelister i det offentlege. Vi har kapasitet, og kan gje time på dagen. Vi kan undersøke og kome med forslag til behandling. Vi samarbeider gjerne med andre behandlarar i det offentlege, og kan gje eit nytt syn på ulike problemstillingar, seier dei.