– I den skarpaste svingen i Romestrandbakkane har det ikkje vore gatelys på fleire år. Dette er eit område med mange turgåarar, og der er så mørkt om kveldane at ein bør ha hovudlykt for å gå der, seier Romestrand.

Også frå Romestandbrua til vegen på Hjellen, på europavegen, manglar der gatelys.– Der er fem stolpar etter kvarandre utan gatelys. Eg ringde Mørenett om saka og dei skulda på kommunen som igjen skuldar på Mørenett. Tussa lova at det skulle kome lys etter nyttår, men ingen ting skjer. Dei manglar ikkje ressursar i sentrum, men på bygdene er det visst ikkje så nøye? Vi må i alle fall få svar på kva tid vi får lys, krev Romestrand.