– I fjor var det to tusen noteringar i boka etter at Saksaråsa vart opna. I år har det så langt vore 6.000 noteringar. Det fortel oss at mange set pris på det arbeidet som har vorte utført for å betre tilkomsten til fjellet, seier Jens Arve Forbord, nyvald leiar i Saksa Turstiforeining.

Det var i fjor at Saksa Turstiforeining, med no avlidne Bente Aambakk i spissen, bestemte seg for å gjere noko med råsa til toppen av det vel tusen meter høge fjellet. Det vart leigd inn sherpaer som laga trapper i den vanskeleg tilgjengelege ura, og det vart bygt ein gapahuk, som fekk namnet Bentebu, ved inngangen til Leknesdalen.

Nye trapper

Råsa vart opna i september i fjor, og vart ein umiddelbar suksess. I år har det vorte gjennomført ytterlegare tiltak. Mellom anna har det vorte lagt trapper i nokre trasige parti frå Urke og opp til Bentebu, og det har vorte bygt ein utedo ved Bentebu.

– Der er det stundom kø, seier Svein Urke med eit smil.– No planlegg vi fleire forbetringar av råsa, med å leggje t.d. heller der det kan verte gjørmete. Det er klart at med så mange som nyttar seg av råsa, vert det slitasje, seier Forbord.

Urkeegga

Saksa Turstiforeining har i år også gått laust på endå eitt prosjekt, Urkeegga. Her har det vorte rydda rås frå Urke og over Klokksegga, vidare over Maudekollen og der etter ned att i Langseterdalen. Det er ein tur på fire til fem timar.

– Den 3. september vert det offisiell opning av den nye råsa. Ordførar Stein Aam vil kome for å ta snorklippinga, og det vert innslag med støttespelarane våre, før vi arrangerer fellestur over Urkeegga. Vi reknar med å starte turen rundt kl. 11.00, og inviterer alle som vil til å vere med. Vi er tilbake rundt kl. 16.00-16.30, fortel Forbord.

Kaffi og blautkake

På toppen av Klokksegga vil det verte servert kaffi og blautkake, slik det vart gjort under opninga av Saksaråsa i fjor. Sjølvsagt vil dei som serverer stille i bunad.

Om kvelden vert det opningsfest på Urke grendehus. Der vert det servert hjortegryte med kortreist hjort som råvare, og den som ynskjer det kan få smake eit spesialbrygga øl med vatn frå Urke.– På festen vert det ymse underhaldning med Marie Holand Tøsse og Bodil Skare m.a., fortel Forbord.Etter program og middag vert det dans der Knut Øyvind Myklebust spelar.

Ringverknader

Saksa Turstiforeining er berre ein av mange aktørar som dei siste åra har gjort ein innsats for Urke og Norangsfjorden. Alle dreg saman, og resultata byrjar å vise.

– Det er ikkje tvil om at den auka utfarta til Saksa har hatt positive ringverknader. Både butikken, Urke Camping og kaihuset har hatt auka omsetnad. Det er flott å sjå den given so, er på Urke no, og ikkje berre Urke, men på stader som Sæbø, Trandal og Øye også. Tiltak som Saksaråsa har vore med på å rette merksemda mot Hjørundfjord som eit aktivitetsområde endå meir, seier Forbord.Han er nyvald leiar i Saksa Turstiforeining. Det vart halde omframt årsmøte i foreininga denne veka.Dei andre i styret er Svein Urke, Kåre Jon Berg, Kjetil Leknes og Tove A. Rønning. Vara er Egil Aambakk og Jon Erik Klokk.