Midt på golvet var det rigga sitjeplassar i hesteskoform til gjestane, det var talar og blomeoverrekking og etter kvart kom også kaka på bordet. Det vanka i tillegg gåve til dei to partnarane i det føreståande «ekteskapet». Ordførarane Stig Olav Lødemel og Jørgen Amdam mottok ein sjekk pålydande ein million kroner frå sine respektive fylke, ved assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Gunnar O. Hæreid og Lodve Solholm i Møre og Romsdal.

– Vi vil stå bak og støtte dette heilhjarta. Vi får seie som i bryllaup; til lukke med dagen og framtida, helsa mellom anna Hæreid.Han innrømma at samanslåinga mellom dei to kommunane ikkje var noko han hadde spådd i ein tidleg fase.– Det låg nok ein tanke om at Stryn og Hornindal ville slå seg saman. Vi følgde også med på prosessen Ørsta-Volda med halvt øyre, og tenkte at der var det ikkje rom for fleire. Men her tok vi grundig feil. Vi undervurderte vel også farten Volda sette opp etter at samarbeidet med Ørsta vart lagt vekk, sa Hæreid, og heldt fram:

– Eg er sikker på at dette vert ein god kommune. Volda er noko som kling godt i vårt fylke. Eg er frå Sogndal og tenkjer at visst vi først skulle ut av fylket for å slå oss saman, så ville eg valt Volda, sjølv om det ville blitt noko tungvint for oss, smilte Hæreid.

Ivrig på å starte

Ordførar Lødemel uttrykte stor tru på at dette var ei samanslåing som skulle bere frukter i begge dei opphavlege kommunane.

– Eg håpar at vi skal vekse på samanslåinga, og det begge vegar.Voldaordførar Jørgen Amdam var oppteken av at ein raskt kom i gong med arbeidet fram mot formell samanslåing i 2020.– Dette er starten på fleire arbeidsår som skal ende i integrering. Vi må raskt få på plass ein prosjektorganisasjon, uttalte Amdam. Begge ordførarane beklaga også at Stryn ikkje vart ein del av den nye kommunen.– Vi beklagar sterkt at Stryn ikkje vart med. Det hadde vore ideelt med deira styrke innan næringsliv, sa Amdam.Etter ei orientering frå prosjektleiar Kåre Træen om m.a. dei økonomiske aspekta, var det tid for deler av forsamlinga å reise til Grodås for felles møte mellom kommunestyra.

Roy Aron Myklebust, Fjordabladet