Viljen er der, men midlane er det verre med. Tidlegare i år handsama formannskapet i Ørsta søknad frå interessegruppa for det gamle kommunehuset på Sæbø, som søkte om 50.000 kroner i støtte til å ruste opp fasaden på huset. Pengane skulle brukast til stillas og måling. Interessegruppa fekk kjøpe huset frå Ørsta kommune for 100.000 kroner.

Formannskapet vedtok då å sende søknaden over til levekårsutvalet, som diskuterete søknaden i møte førre veke. Dei sender søknaden igjen over til formannskapet og bed dei om å sjå om det er mogleg å finne midlar til interessegruppa.

– Kommunen er på ingen måte friskmeldt økonomisk. Dette er eit godt prosjekt, men der er mange gode prosjekt i Ørsta, minte Eldar Øye frå administrasjonen om.

Utvalsleiar Odd Magne Vinjevoll (Frp) fekk med seg resten av utvalet på eit oversendingsframlegg til formannskapet om at dei signaliserer at dei er positive, men at dei ikkje har mynde til å gi ut pengar, men oppmodar formannskapet om å sjå på saka.