Lensmannshuset, som familien Riise vaks opp i, var ein av fem gardar på Rise-tunet som vart knust då store snømassar velta nedover fjellsida frå Korsen i 1968. Korsafonna gjorde ende på heile Rise-tunet i Bondalen, og tre omkom i fonna.

Det var ein gledeleg dag då Magne Årseth for ti månader sidan fortalde familien at han ville lage ein eksakt modell av lensmannshuset. Jonsokaftan vart modellen avduka. Det vekte mange gamle minne.

Magne Årseth vaks opp i Årsethuset, som var nabogarden til lensmannshuset. Huset hans har han laga modell av tidlegare. Men i september i fjor fekk Magne ein idé om å også byggje ein modell av nabogarden på tunet.

– Då eg ringde Martinus for å fortelje han dette vart det heilt stille i telefonen, før han uttrykte ei stor glede over nyhenda, fortel Magne.

– Eg fell ei tåre i telefonen, innrømmer Martinus Riise. Han, broren Arill og systera Anne Berit miste bror sin i fonnulykka.

Magne veit ikkje kor mange arbeidstimar han har lagt bak seg, men det er mange. Han har jobba hardt for å få modellen så autentisk som mogleg. Ingenting er tilfeldig. Magne har mellom anna laga 1600 små takstein og 14 små pinnestolar. 36 ledlys har han også montert. Erfaringa som elektrikar kom godt med her. For ikkje gløyme alle dei ørsmå tangentane på orgelet i stova. Alt utanom steinbordet trur Magne han har klart å framstille så likt som mogleg. Familien Riise var oppglødd over arbeidet han har lagt bak seg. Arill Riise meiner huset er akkurat slik han hugsar frå han var 10 år.

– Dette er heilt fantastisk. Det betyr utruleg mykje for oss. Rise er levande igjen, seier Arill.

Mor, Ragna Riise, er heilt samd.

– Det er heilt utruleg å stå her og sjå korleis du har klart å lage huset vårt heilt identisk. Det vekker sterke minner. I nesten 20 år budde vi i huset og eg har fødd alle mine fire born der.

– Dette huset vil gjere det mykje lettare for oss å formidle barndomen til vore born, kommenterer Anne Berit Riise.

– Det er nesten som å kome heim att, mimrar Martinus Riise.

<strong>Identisk:</strong> Huset er sett saman av kring 3500 delar. Magne tel 1600 takstein. Han har også sett inn 36 ledlys som er fordelt utover dei tre etasjane.
<strong>Imponert:</strong> Taket og første etasje er delt av og kan løftast ut for å sjå korleis det ser ut innvendig.