Klar beskjed frå ordførar Stein Aam (Sp), då han følgde samfunnsutvalet på tomte-synfaring på Vartdal.

– Vi kan ikkje halde på med dette lenger. Vi må få ei avklaring, sa han.

Samfunnsutvalet handsama inga sak, men tok ei synfaring for å få oversikt over kvar på Vartdal det kan vere aktuelt å legge til rette for bygging. Det er snakk om Sætrefeltet, der det er fire kommunale og fire private tomter, Myrane, der eigarforholda er både private og kommunale, og på Grønnevetmarka. Det har vore hevda at kommunen ikkje har gjort nok for å gjere tomtene på Vartdal byggjeklare, mellom anna fordi der manglar vegtilkomst.

– Då er vi avhengig av at alle grunneigarar er med. No må vi få på plass avtalar og få ting til å skje, seier Stein Aam.

I Sætrefeltet må det på plass ein veg inn til dei fire kommunale tomtene.

– Så kan dei private få moglegheit til å kople seg på denne etter kvart. Vi må verte samde om kvar vi skal satse først. Startar vi i Sætrefeltet er vi godt i gang. Håvard Vartdal er interessert i å satse på Myrane etter kvart. Og så kan vi ta Grønnevetmarka til slutt, seier Aam.

I budsjettet ligg det inne 400.000 kroner til forprosjekt for Vartdal, Legene, Liadal og Sæbø.

– Her er ikkje nok til alle, men her er pengar til noko. No er det viktig at vi samordnar oss, sa plansjef Gunnar Wangen.

Han meiner det er ei god nyheit at dei no er i gang med å legge konkrete planar for å gjere tomtene tilgjengeleg for bygging.

– Når det gjeld Grønnevetmarka er dette ei vesentleg endring i sentrumsplanen, så her må la bygdefolket kome til orde og seie kva dei ønskjer. så dette ligg nok litt meir fram i tid enn Sætrefeltet og Myrane, vurderer Wangen.

Han ser likevel ikkje vekk frå at dei kan starte reguleringsarbeid allereie om eit par år.

– Men startar vi i Sætrefeltet og løyser ut fire tomter, er ikkje det lite? Skal vi ikkje satse skikkeleg når vi først skal satse, for å skape bulyst på bygdene, spurte Inge Kolås (Frp).

– Fire tomter er veldig mykje meir enn ingen tomter, repliserte Eldar Øye frå administrasjonen.

– På Vartdal vil fire tomter ha mykje å seie.

Over sommaren er planen at saka om tomter på Vartdal skal opp i formannskapet som planutval, og ordførar Stein Aam tenkjer at dei er best tente med å først satse på vegbygging og tilrettelegging i Sætrefeltet, for å løyse ut dei fire kommunale tomtene der.

– Så kjem Myrane og Grønnevetmarka etterpå. No vil eg at vi skal kome oss eitt steg vidare, og få til noko skikkeleg. Det er nok snakk. No må vi handle, seier Stein Aam i klar tale.

<strong>Sætrefeltet:</strong> Mellom huset og løa ligg der fire kommunale tomter i skogen, og på marka framfor, fire private. Foto: Janne-Marit Myklebust