– Vi hadde generelt eit bra overtak på Stranda, men vi skapte for få store sjansar. Vi hadde mange halvsjansar og innlegg, men var både uheldige og udyktige, opopsummerer trenar Henning Nygård.

Han syntest Ørsta viste framgang samanlikna med andre kampar. Og no har Ørsta spelt tre kampar på rad utan tap, noko Nygård synest er positivt.– Vi spelte godt defensivt. Stranda hadde to sjansar i første omgang, i andre halvdel skapte dei ingen ting, fortel Nygård.

Sjølv om framgangen er bra, ser Nygård at Ørsta no må byrje å vinne kampar. Laget ligg framleis utsett til på tabellen, og er nest sist, og avstanden opp til trygg plass er like stor som før.

– Gjer spelarane ein god treningsinnsats i sommnar kan dette går bra. Vi har større potensial enn vi har vist. For vi har vist at vi klarar å henge med alle lag bortsett frå nokre få. Spelarane må ha trua og rett innstilling. – Vi møter Skodje og Skarbøvik i to heimekampar etter kvarandre i starten av haustsesongen. Gjer vi det godt der, kan vi fort klatre, håper Nygård.