– Nytta av det aktuelle sikringstiltaket er etter vår meining for lita til å forsvare kostnadene ved tiltaket, og vi finn difor å måtte avslå søknaden, seier sjefingeniør Siss-May Edvardsen i NVE i eit brev til kommunen.

Bakgrunn

Bakgrunnen for søknaden er flaumen i Storelva hausten 2013. Då eroderte elva fleire meter av venstre elvebarde sett medstraums, og elvebotnen seinka seg. I tillegg ligg der mykje elvemasse i det gamle elveløpet, og elva pressar mot skadestaden i ei ytterkurve. Elvebarden er skadd over ei strekning på 150 meter. Vidare erosjon kan på sikt truge tre bustader, E39 og nærings- og industriområdet på Vartdal.I kommunedelplanane for Vartdal er arealet langs den kommunale vegen sør for elva lagt ut som eit område som skal fortettast. Dette området er opna for inntil ni bustader (totalt 17 bustader). Det ligg også ei vassleidning og eit borehol for setjefiskanlegg langs elva. Høgdeskilnaden mellom elva og busetnaden er liten, og kommunen ser difor stor fare for at elva vil halde fram å grave heilt til eksisterande busetnad avsett til fortetting.

Trong for sikringstiltak er meldt inn til NVE og området er synfart med representantar for grunneigarar og kommunen.

Faregrad

– NVE prioriterer bistand etter risiko, det vil seie faregrad og konsekvens for skade på eksisterande busetnad og fare for liv og helse. NVE gir ikkje bistand til sikringstiltak som er nødvendig for å legge til rette for etablering av ny busetnad. NVE registrerer behov for sikring i høve eksisterande busetnad, men i lys av dagens ressurssituasjon kan vi likevel ikkje sjå å kunne prioritere denne saka i tida framover, seier Siss-May Edvardsen i NVE.

Ho gjer det klart at avslaget om å gi stønad ikkje er eit avslag om byggjeløyve.– Dersom kommunen ønskjer å utføre tiltaket utan stønad frå NVE, må kommunen avklare tiltaket i høve plan- og bygningslova. I tillegg skal NVE vurdere om tiltaket er konsesjonspliktig etter vassressurslova. Vi vi vurdere søknaden på nytt om situasjonen forverrar seg, seier Edvardsen.