– Heldigvis er Nasjonal Transportplan meir enn tre-fire gigantiske fjordkryssingar, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) til Møre-Nytt.

Måndag var han i Ørsta for å få innspel til arbeidet med den nye Nasjonal Transportplan (NTP), som avgjer kva riksvegar som blir bygde og utbetra i Noreg mellom 2018 og 2029. Møtet på Hotell Ivar Aasen vart arrangert av NHO i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Nyttig voldatunnel

Det heile kunne minne om ei opptaksprøve i «Idol» på TV2: Her fekk representantar frå kvart prosjekt ti minutt på seg til å fremje argumenta for sine prosjekt: Og milliardprosjekta stod i kø: Hafast, Møreaksen og Halsafjordsambandet, i tillegg til ei rekkje behov i Sogn og Fjordane.

Statens vegvesen fekk også presentert sine reknestykke, som dei har utarbeidd  som grunnlag for NTP-arbeidet. Det sette ting i perspektiv: Med samfunnsøkonomisk nytte som grunnlag, er det eitt prosjekt på E39 mellom Kvivstunnelen og Trondheim som når opp i konkurransen, og det er Voldatunnelen, som skal løfte E39-trafikken ut av Volda sentrum. Med ein litt annan reknemåte dett også Voldatunnelen ut. Ørstafjordkryssinga er ikkje nemnt av Statens vegvesen.

Billigare er enklare

Møre-Nytt utfordra ministeren på om det berre er dei store fjordkryssingane som blir prioriterte i NTP, eller om Voldatunnelen og Ørstafjord-kryssinga også har ein sjanse.

– Sjølv om det er dei aller største prosjekta som blir løfta fram her i dag, så er det viktig at det lokalt blir laga gode prioriteringslister over kva lokale prosjekt som òg er viktige å gjennomføre. Desse prosjekta er det ofte lettare å få inn fleire av, fordi prislappen ikkje er eit tosifra milliardbeløp, men gjerne eit millionbeløp, seier statsråden. For ordens skuld: prislappen på Voldatunnelen er kalkulert til 900 millionar kroner, der 300 mill. kr blir finansiert med bompengar.

Dei store fjordkryssingane skal knyte saman regionar og skape nye bu- og arbeidsmarknader: Likevel: Den stipulerte trafikkmengda over Hafast kan ikkje måle seg med dei over 10.000 bilane som køyrer gjennom Ørsta sentrum og Volda sentrum kvar dag.

- Vil det hjelpe fleire å bygge desse mindre prosjekta, Solvik-Olsen?

– På ein måte vil det det, ingen tvil, og landbruksminister Jon Georg Dale (frå Volda, red. merk.) har også vore veldig flink til å snakke om vegtilhøva i Ørsta og Volda. Men det er litt ulike prosjekt vi snakkar om her. Dei store fjordkryssingsprosjekta endrar åtferda til folk. Det er berre å sjå på effekten av Eiksundsambandet. Det gjorde at næringslivet fekk betre tilgang til arbeidskraft, og at arbeidstakarar fekk eit større område der dei kunne finne relevante jobbar. Men i midt hovud er det ikkje enten eller. Det er difor prioriteringslistene er så viktige.

- Men det er ikkje fare for at dei store fjordkryssingane skviser dei mindre prosjekta?

- Både ja og nei. Nei i den forstand at vi snakkar om prosjekt med ein pris som er låg nok til det er rom for fleire av dei. Men sjølvsagt: Bygger du eitt prosjekt til 10 milliardar kroner, så betyr det at der er 10 mrd. kr mindre til alle andre prosjekt.

Balansegangen ministeren står overfor, er altså den mellom å bygge regionar og å bygge lokalsamfunn.

– Prosjekt som Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga handlar om å få trafikk vekk frå eit sentrumsområde utan  at det nødvendigvis genererer ein utvida bu- og arbeidsmarknad. Dei handlar meir om tettstadsutvikling, forklarte Ketil Solvik-Olsen.

<strong>Ørstafjordkryssinga:</strong> Ørsta-ordførar Stein Aam tok ordet for å seie at han var glad for at Voldatunnelen er teke med i Statens vegvesen si prioritering, men at han også ønskjer Ørstafjordkryssinga med.