Det fortalde konsernsjef Elling Dybdal då det vart halde generalforsamling i Tussa fredag.

– Årsresultatet for 2015 er ei forbetring frå året før, men det er likevel svakt i forhold til det vi har levert tidlegare.Tussa hadde eit samla driftsresultat på 97,6 millionar kroner i 2015, om lag 20 millionar kroner meir enn i 2014. Driftsinntektene er på 762 mill. kr, mot 788 mill. i 2014.– Sidan 2000 har vi rehabilitert ganske mange av kraftverka våre, men no må vi kanskje tyne ting noko lenger enn vi har gjort før. Det er vanskeleg å finne lønsemd i nyinvesteringar slik situasjonen er i dag. Akkurat no er vi inne i ein periode der både naturen og politikken har hatt betydeleg negativ effekt på resultata våre. Vi har gjennomført effektiviseringsprogram, men det er langt ifrå nok til å vege opp for at kraftprisane er meir enn halverte dei seinaste åra, sa Dybdal. Ordførar Stein Aam representerte Ørsta, som er den største eigaren i Tussa. Han stilte spørsmål ved investeringane som har vore planlagde i Hjørundfjorden, med kabling av delar av linjenettet.– Med dei utsiktene vi har no, vil dette med sjøkabel vere ein av dei tinga som må skyvast eit godt stykke inn i framtida. Om ti år spår eg at det er status quo for det prosjektet, sa Dybdal.

Fiberutbygging

På nokre område går det likevel godt. Når det gjeld fiberutbygginga held denne fram som før. Her er det ei god internrente som gjer at investeringane er lønsame.

Også Mørenett, som vart etablert i samarbeid med Tafjord i 2013, går godt og verkar positivt inn på resultatet, men også her ventar store omstillingar i tida framover for dei 220 tilsette. Det gjeld politiske føringar med krav til at nettmonopolet skal vere selskapsmessig og funksjonelt skilt frå konkurranseutsett energiverksemd.

Konsekvensar

– Dette vil ha konsekvensar for Mørenett. Selskapet kan ikkje betene monopolsituasjonen samstundes som dei sel eksterne tenester, som til dømes til veglys, til fiberutbygging og anna ekstern elektroaktivitet, skildrar Dybdal.

Vedtaket som regulerer dette vart gjort 17. mars i år, med ei overgangstid på fem år.– I løpet av denne femårsperioden er kravet frå styresmaktene at alt sal av entreprenørtenester til andre enn Mørenett må leggjast til andre selskap. Det som står att er å finne ei god løying på korleis ekstern entreprenørverksemd i Mørenett skal vere organisert. Vi reknar med at det vert teke standpunkt til dette i løpet av 2016.Dybdal meiner det er viktig med ei rask avklaring.– Vi bør ikkje vere sist i løypa med omsyn til å tilpasse oss denne situasjonen. Det tek ei viss tid før organiseringa er oppe og går, og ventar vi fem år har vi truleg venta for lenge. Det vert sagt at bak kvar OL-medalje ligg der 10.000 timar med trening. Vi må kome raskt i gang og trene på denne nye situasjonen slik at vi kjem vinnande ut. Det er krevjande, og det dreier seg om mange medarbeidarar, men det er ei ferd vi må legge ut på ut frå reguleringa frå styresmaktene.Dybdal fortel at motivasjonen til styresmaktene er at dei har funne ut at samanblandinga mellom monopol og konkurranseutsette aktivitetar ikkje er ei god samanblanding. – Det er ein lei tendens til at kostnader som skulle vere ført på den konkurranseutsette delen vert ført på monopoldelen. Og då vinn du konkurransen på urettferdig grunnlag. Det må vi i bransjen kanskje ta sjølvkritikk på, og samla sett har vi kanskje ikkje opptredt godt nok. NVE har stålkontroll på kva som skjer. Vi må rapportere i detalj, og dei klarer nok å analysere og sjå desse tinga, vurderer Dybdal.