Det er noko av det som står på ønskelista til ørstingane som deltok på folkemøtet for sentrumsutvikling som vart halde på Ørsta rådhus måndag. Rundt 40 møtte opp for å seie sitt for det som skal danne ein utviklingsplan for Ørsta sentrum. Bakgrunnen er Europan si arkitektkonkurranse, der vinnaren, Connecting Ørsta, også var representert med dei danske arkitektane Karl Johan Baggins, Maria Ramlid Crammond og Jens Nyboe Andersen.

Tre «øyer»

– Utfordringa de har i Ørsta er at de har mange «øyer» som fungerer kvar for seg, men ikkje som ein heilskap, sa Maria Ramlid Crammond.

Ho meiner Ørsta har tre hovudidentitetar. Det er den urbane, det som handlar om park- og grøntområde og skule/utdanning.

– Vi må få desse tre til å fungere saman. Vikegata er urban, og så har de kjøpesenteret Amfi som er i ein skala som eigentleg ikkje passar til Ørsta. Vi må forbinde desse to betre. Gjerne med Haldeplassen som eit ankerpunkt som skal sparke liv i Vikegata.

Arkitektane uttrykte også stor glede over vedtaket om å plassere ny fleirbrukshall på Utstillingsplassen.

– Det passar utmerkt slik vi ser føre oss ei fortetting av Ørsta sentrum, sa dei.

Måndag samla dei inn innspel frå ørstingane. I juni skal dei presentere ulike retningar som dei vil rå kommunen til å satse vidare på. I september skal dei legge fram sitt forslag til ein utviklingsplan for sentrum, som igjen skal danne grunnlaget for ein ny reguleringsplan.

– Og då handlar det ikkje berre om fysisk arealbruk, men også om designgrep, fortel plansjef Gunnar Wangen. Han håper, og ser føre seg, at utviklingsplanen vil gjere reguleringsplanarbeidet til ein smidig prosess. Ny reguleringsplan vil kunne vere klar innan eitt til eitt og eit halvt år.

– Ting skjer i sentrum, og det håper eg at folk ser. Mange midlertidige tiltak, som riving av bygg, kan vere ein god start for ting som kjem seinare. Og vi har aldri hatt ein situasjon som vi har i dag, der vi har visst om så mange investorar som er interesserte i å utvikle Ørsta vidare. Det er ein ny giv for Ørsta sentrum.