Når det no skal mobiliserast for gode argument for å halde oppe Ørsta-meieriet, meiner gardbrukar Knut Hustad ein må trekkje fram meieriet sin årlange gode kvalitet på produkta og god lønsemd.

– Og så må politkarane sjølvsagt kome på bana og levere og engasjere seg sterkt.

Hustad minner også om at dersom smørjeostproduksjonen vert flytta frå Ørsta til Hardanger, så er det ikkje opplagt at produkta opprettheld kvaliteten.

– Erfaringar syner at det ikkje alltid er lett å flytte produksjon over til andre meieri, og at dette kan gå ut over kvaliteten. Dette bør Ørsta-meieriet spele på, synest Hustad. Han meiner også at særs god mjølkekvalitet er eit godt argument.

Hustad trur det skal kunne gå an å snu oppfatninga til Tine-utvalet kring strukturtilpassinga, men at det slett ikkje vert enkelt.

Problem

– Det er eit stort problem at mjølkemengda i distriktet vårt går ned og vi bønder skal efektivisere. Det er også ei svakheit for Ørsta-meieiet at meieriet driv nisjeproduksjon og at det er lett å flytte denne sjølv kor god kvaliteten er og kor kompetente dei tilsette er, vurderer Hustad.