– Vi fekk eit godt år i fjor, og er nøgde med omsetnaden og resultatet, seier administrerande direktør Kjetil Nesset, som ikkje vil røpe nøyaktig kvar resultatet enda.

– Men omsetninga vart 20 millionar over budsjett, og den beste nokon gong, seier han.

Planen var at han skulle ta imot arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie på fabrikken i Hovdebygda fredag, men vêrgudane spelte ikkje på lag, og flyet til statsråden vart omdirigert til Vigra.

– Eg gleda meg til å sjå korleis ei hjørnesteinsbedrift som Vik Ørsta klarer å trygge og skape arbeidsplassar i ei tid som er turbulent for mange. Men vêret kan som kjent ingen rå over, og eg håper eg får besøkt både bygda og bedrifta ein annan gong, skriv Anniken Hauglie i ein e-post til Møre-Nytt.

Ørsta kjent i heile Europa

Nesset hadde likevel mykje å seie om stoda i selskapet, som er langt betre enn i den maritime industrien på Sunnmøre.

Trafikksikring er den største delen av drifta i Vik Ørsta, og står for rundt halvparten av omsetninga. Her var det god utvikling i 2015.

– Vi leverer mange brurekkverk av typen som vi kallar Ørsta. Det er faktisk slik at desse har gjort Ørsta kjent over store delar av Europa. I tillegg leverer vi mellom anna til Stockholm by, som har valt typen Safeline, seier Nesset.

Til saman leverer Vik Ørsta om lag ein million kvadratmeter rekkverk i året. Innanfor lysmaster dominerer Vik Ørsta den norske marknaden med ein marknadsdel på 90 prosent.

– Det blir større og større krav til tryggleik her. Om vi skal halde på marknadsdelen, må vi jobbe med å utvikle heile tida. No har vi leigd delar av den gamle Grepa-fabrikken i Ørsta, som vi brukar til å montere ei heilt ny produksjonslinje for lysmaster. Når denne er klar, skal ho på plass i fabrikken i Skorgeura, forklarer Nesset.

Han fortel også om gode tal innanfor marina og bergsikring.

– På bergsikring konkurrerer vi om kopiar av våre eigne produkt frå Kina, men utviklinga er god.

Kan få nye eigarar

Vik Ørsta er del av Saferoad-konsernet, som igjen er eigd av fondsselskapet Nordic Capital. Dei har vore inne som eigarar sidan 2008.

– Det er ikkje vanleg at slike selskap er inne som eigarar over lang tid. Eg ser føre meg at vi får nye eigarar i løpet av det neste året, eller at vi blir børsnoterte, seier Nesset på spørsmål frå Stein Aam, ordførar i Ørsta.

Han er likevel ikkje uroa for arbeidsplassane i Ørsta.

– Så lenge vi klarer å effektivisere og vere konkurransedyktige, er det ikkje noko overhengande fare for utflagging av produksjonen frå Ørsta. Då er vi ein sikker og trygg arbeidsplass.

Kompetansebehovet ved Vik Ørsta er eit anna enn før, og Vik Ørsta jobbar tett med dei tillitsvalde for å utvikle dei tilsette samtidig med at produksjonen blir meir automatisert.

– Tidlegare var det stort behov for sveisarar og platearbeidarar. No er det kompetanse i til dømes automasjon vi er på jakt etter. Vi driv med mykje rekruttering og kompetanseutvikling internt, men hentar også folk utanfrå. Det er god tilgang på kompetent arbeidskraft i regionen, særleg no med nedgangen i maritim industri, seier Nesset.

Han legg til at Vik Ørsta tilsette 15 personar i fjor, og har planar om 10 til i år.