Morten Gramshaug Fonseca (40) er fersk kommunestyremedlem etter  Reidun Vigestad Berge (KrF). Berge vart valt inn i kommunestyret etter valet i haust, men misser no plassen sin fordi ho flyttar frå kommunen. 1. vara har vore Morten Fonseca. No rykker han opp til fast plass i kommunestyret.

– Eg har ikkje politisk erfaring frå før, men sa ikkje nei då Paul Kristian Hovden bad meg om å stille på liste. Når eg først skal engasjere meg føler eg at KrF er det rette partiet for meg. Det handlar mykje om menneskeverd. Eg har ingen fanesaker, men er mellom anna oppteken av miljøet og av integrering av innvandrarar. Elles er eg aktiv og engasjert gjennom dei fire barna mine, og har sjølvsagt meiningar om korleis eg ønskjer at vi skal ha det i Ørsta. Så reknar eg med at ting fell meir på plass etter kvart.

Partikollega Hovden er også arbeidskollega i Hovden gravferdsbyrå.

– Han er dyktig, og utfordrar meg alltid til å meine ting. Det er kanskje ikkje så heldig alltid at vi begge må stille i kommunestyret når vi jobbar i ei lita bedrift. Vi har ein jobb der vi ikkje kan seie nei. Vi må vere til stades når vi trengst, men vi trur at dette skal gå veldig bra, seier Fonseca.

Det var den norske naturen som lokka dansken til Noreg for 20 år sidan. Det starta i Finnmark på folkehøgskule. Der lærte han seg sledehundkøyring. Sidan har han også vore to år i Alaska og køyrt det kjende sledehundløpet Iditarod. Sidan hamna han altså i Ørsta.

– Det var kona mi, Linda, som fekk turnusplass som lege i Volda. Sidan har vi vorte verande.

No har dei budd i Ørsta sidan 2009.

For Morten Fonseca, som hadde vorte van med stabile vintrar, kom vestlandsvinteren som ein noko brå overgang.

– Eg er van med at når snøen kjem, så vert han liggande. Første året mitt i Ørsta var eg ute etter det første snøfallet og trakka løype for å få ein solid sole å gå på resten av vinteren, men dagen etter var all snøen vekk. Det er det eg likar minst. Elles er eg glad i fjell og friluftsliv generelt, så vi har funne oss godt til rette likevel, seier han.

Heime har paret, i tillegg til fire barn mellom to og ni år, også to hundar av typen alaska husky. Heilt slepp på hundelivet er det altså ikkje, sjølv om sunnmørske fjell og fjordar gjer at sledehundkøyringa er lagt på hylla, for no.

– Elles er eg engasjert i speidaren, i symjeklubben og som heiagjeng på sidelinja på fotballbana.

No kjem også kommunestyret inn som eit viktig og stort ansvar i kvardagen.

– Folk snakkar mykje om korleis dei vil ha det. Eg er også aktiv i slike diskusjonar. No håper eg at eg kan vere med å påverke og få til endringar der det er nødvendig. Eg er fersk i dette, og vil nok ikkje rope høgast i starten, men eg har ingen planar om å vere ei nikkedokke, lovar Morten Fonseca.

<strong>Jobb:</strong> Morten Gramshaug Fonseca er tilsett ved Hovden gravferdsbyrå. Der er han kollega med partifelle og mangeårig lokalpolitikar, Paul Kristian Hovden.