– Det har gått veldig knirkefritt førebels. Vi har også fått ein ganske enkel jobb og rektor Harald Tunhem har gjort det lett for oss å ta over. Vi har ikkje alle funksjonane som han har til dagleg, og vi passar meir på at studentane er på plass og at skuledagen går som planlagt, seier Ingolf Dyrhaug som saman med Erica Lunde er studentrektorar for Velle skule denne veka.

Ved ei skuleovertaking er ikkje dei tilsette til stades på skulen, men ein juridisk rektor frå skulekontoret følgjer opp. Dei vanlege lærarane har blitt erstatta av rundt 60 lærarstudentar for dei 14 klassene ved skulen. Studentane er inne i sitt tredje år og på veg til å bli ferdig utdanna lærarar. Tidlegare har dei hatt praksis på Velle skule, og er difor godt kjende med klassene, og veka med skuleovertaking er noko dei ser fram imot.

– Absolutt, og det er den mest spesielle, realistiske og kanskje den viktigaste praksisen vi har. Vi får prøvd oss og vi ser korleis studentane arbeider og tek oppgåva på alvor, seier Lunde.

– Vanlegvis vert det stilt veldig strenge krav til at du skal vere veldig godt førebudd til kvar time, etterfølgt av ein lang gjennomgang der alle som har observert skal kome med kommentarar og konstruktiv kritikk. Det vert då ofte brukt mykje meir tid på å planlegge og snakke om ein skuletime enn på å gjennomføre den. No er det litt friare, og det vert litt som å køyre bil første gang etter at du har fått førarkortet.

– Eit viktig tilbod

For lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er det viktig å ha eit tilbod som skuleovertaking til studentane.

– Her får dei lære meir om alle sidene ved skulen. Læresituasjonen vert meir naturleg, og dei tek del i alle aktivitetane ved skulen. Leiarteamet organiserer morgonmøte, vakter i friminutta og har kontakt med dei rundt skulen og skulekontoret. I tillegg har vi våre eigne forelesarar som har praksisoppfølging og som kjem for å følgje si gruppe ein dag i denne perioden.

Skuleovertaking har blitt gjennomført i mange år, og det vert veksla litt på ulike skular.

– Tilbakemeldingane har berre vore positive frå studentane, skulane og foreldra. Dette ynskjer vi å halde fram med, og det er ein viktig del av praksisen, seier studieleiar og praksisansvarleg Oddvar Aalde.

Lærerikt

I tillegg til å undervise får Lunde og Dyrhaug prøvd seg på rektorrolla, men det er litt ulike svar på om dei kunne tenke seg ei liknande rolle seinare i yrkeslivet.

– Det er ei god erfaring å ta med seg vidare, og det er spennande å kunne kjenne litt på leiarrolla, seier Lunde.

– For min del er eg veldig sikker på at eg ikkje vil bli rektor, og eg vil bli lærar. Leiinga på ein skule er viktig for ein lærar også, og det å få innsikt er lærerikt.

<strong>Studentane styrer Velle skule:</strong> Denne veka har rundt 60 lærarstudentar teke over styringa ved Velle skule. Ifølgje studentane har elevane vore forventningsfulle, og tykkjer det er morosamt og spennande med skuleovertakinga.