Og det er ei strålande nøgd Ørsta-taus som fortel om deltakinga i den populære TV2-konkurransen.

– Det var ei stor oppleving. Eg har aldri vore så glad før då dommarane sa at eg hadde gått vidare. Eg var kjempenervøs før eg skulle synge, men nervane forsvann då eg stod framfor dommarane, fortel Tonje.

Ho imponerte dommarane med å framføre songen And I am telling you av Jennifer Hudson. Det var Tonje sin kjæraste, Benjamin Eiksund, som melde Tonje på Idol-konkurransen. Tonje er nummer tre av fire jenter i ein familie der song og musikk har vore ein sentral del av oppveksten.

– Eg har ikkje gått kulturskule og er sjølvlært. Eg byrja å synge i ganske tidleg alder, fortel Tonje som har Whitney Houston og Mariah Carey som nokre av dei store førebileta.

No går Tonje Aakre andre året på musikklinja på Volda vidaregåande. Der likar ho seg svært godt. Ho har lyst til å satse på ein karriere som songar.

– Men eg veit at det er veldig vanskeleg å satse på dette, det finst jo så mange som er flinke til å synge, så eg får berre sjå kva det vert til. Det er uansett lov å drøyme, reflekterer ørstingen som kan vise til deltaking i UKM.

Ho skal også vere med i musikklinja sin nye musikal som snart har premiere.

– Og no går du vel for å vinne heile Idol?

– He he, eg har sjølvsagt lyst til det, men konkurransen er svært hard. Framover øver eg kvar dag fram mot neste runde.

Verdas største

Idol er verdas største talentshow, og er no inne i sin niande sesong på TV 2. Programmet vert sendt fredagar og onsdagar.

Også Marta Elise Bøshaugen Klungsøyr, med røter i Volda, har gått vidare i Idol. Klungsøyr gjorde sterkt inntrykk då ho nyleg deltok i konkurransen.