– Vi var ikkje så opphengt i rekord, vi reiste på sjøen for å gjere ein jobb, seier skipper Bjørn Moldskred til Sysla.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte den gode turen til den tidlegare Vartdal-eigde fabrikktrålaren. I 2012 kjøpte Halstensen Holding trålaren.

– Det er nok eit av dei beste resultata oppnådd av ein trålar i løpet av ein fem vekers tur også generelt i Norge, seier reiar Inge A. Halstensen til Sunnmørsposten.

Mannskapet om bord Granit sat att med 230.000 kroner kvar etter turen, og med gode prisar på torsk, sei og hyse er det gode tider i fiskerinæringa. For Granit fungerte alt under rekordturen

.– Vi har hatt full produksjon heile turen på fem veker. Folk i fabrikken har stått på heile tida, og gjort ein kjempeinnsats. Då vi var på veg heim, fekk vi høyre frå reiaren at med dagens priser har vi ein fangst på 35 millionar på desse fem vekene. Då forstod vi også at det er rekord om bord i Granit, seier Moldskred.

Granit la til kai i Ellingsøy måndag, og etter eit mannskapsbytte var fabrikktrålaren på veg ut i Nordsjøen tysdag for å fiske sei.