I budsjettforliket 2015 vedtok samarbeidspartia KrF, Venstre, Frp og Høgre å løyve 200 millionar kroner til fleire lærarar for dei yngste elevane. Midlane skulle verte fordelt mellom dei kommunane med flest elevar per lærar i 1.–4. trinn.

Rådmannen i Volda har vurdert saka, og finn at ordninga med auka lærartettleik ikkje kjem Volda kommune til gode. Volda har fleire mindre skular som medverkar til at det er færre enn 16 elevar per lærar i 1.–4. trinn. Landssnittet for desse klassetrinna er rett under 16 elevar per lærar. Hundre kommunar ligg over dette snittet.

Ifølgje Kostra er snittet for Volda kommune 11,4. Mellom dei kommunane som kjem ordninga til gode er Ulstein og Hareid. Begge desse kommunane sin geografi og prioriteringar gjer at det er samle fleire elevar i skulane og klassene.

– Dette bidreg til ei meir kostnadseffektiv skuledrift. Det gjer også at desse kommunane i den statlege ordninga vert tildelt midlar for å auke lærartettleiken mellom dei yngste elevane, opplyser rådmannen i sakspapira til driftsutvalet i kommunen.

Ulstein kommune har i snitt 205 elevar fordelte på fire barneskular, medan Volda kommune i snitt har 114 elevar fordelt på sju barneskular. Ulstein får 1.034.789 kroner frå ordninga. Volda og Ørsta får ingenting.

– Volda kommune sin geografi og prioriteringar gjer at skulestrukturen er desentralisert med fleire mindre einingar. Dei minste einingane dreg ned snittet for lærartettleik, og Volda er ikkje nær å dra nytte av den statlege ordninga. Samstundes har Volda kommune nokre einingar der klassene er har langt fleire enn 16 elevar per lærar. I dette lyset er ordninga urettvis.