– Senterpartiet er for å fremje kvalitet i høgare utdanning, men vi har kritisert regjeringa for å byrje med endringar i strukturen før vi har definert kva kvalitet i høgare utdanning er. Senterpartiet er for eit breitt utdanningstilbod over heile landet. Det betyr at vi også er for at det skal vere liv laga for både fagskole, høgskole og universitetstilbod over hele landet.

Vi opplever i dag uro blant de høgskulane som ikkje har funne seg ein partnar eller ikkje vil giftast vekk. Korleis tenker statsråden at desse høgskolane framleis skal kunne vere kunnskapsmotorar i sine regionar?, spurde Tingelstad Wøien. Ho lurte også på om høgskular kan verte tvangssamanslegne.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen svara at det ikkje var snakk om å slå saman høgskular med tvang eller straffe dei som ikkje vert slått saman økonomisk. Likevel poengterte han at det var det grunn til å vere uroleg for at dei små og fragmenterte fagmiljøa ikkje vil kunne nå opp i konkurransen om midlar med store fagmiljø.