I godtgjerslereglementet for folkevalde var det i formannskapet ei tilråding om å dekke naudsynt dokumenterte utgifter som den folkevalde får p.g.a. vervet, som utgifter til pass av born under 12 år, omsorg for funksjonshemma, eldre pleietrengande m.m. med inntil 2.000 kroner per år.

– For lite, meiner Marit Aklestad (SV), som sjølv er avhengig av å ha med seg yngstedottera når ho deltek på møte.

– Skal eg ha pass til henne vil ikkje 2.000 kroner rekke langt. Dei som har omsorg for funksjonshemma eller eldre vil ha eit enno større behov. Det er dessutan veldig få personar dette gjeld, så eg meiner det er rart å setje eit tak på 2.000.

Aklestad foreslo å gi 100 kroner i timen for pass, inntil 500 kroner per møte.

Dette vart samrøystes vedteke.

– Eit viktig signal å gi, at dei med omsorgsansvar kan delta i politikken, sa Aklestad.