Ordførar Jørgen Amdam i Volda stod for den offisielle opninga av Møretrygd sine nye lokale i Volda sentrum onsdag. Det lokale forsikringsselskapet, som i år fyller 150 år, ynskjer seg fleire kundar og jobbar no offensivt for å bli meir synleg i regionen. I løpet av få år har dei ei målsetting om å sikre seg ein marknadsdel innan privatmarknaden på 10 prosent.

– Det er eit ambisiøst mål, men samtidig realistisk. Vi har ein solid grunnmur i vår 150 år lange historie som vi skal bygge vidare på seier Bjørn Harald Bakke, adm.dir. i Møretrygd. Kontoret i Volda er sentralt i satsinga. Det var der det heile starta, med «Voldens Brandsikringsforening» for 150 år sidan (1866). Deretter har fleire mindre forsikringsselskap gått saman til det som i dag er Møretrygd.

– Samfunnet er i konstant endring, og vi ser allereie korleis nye vegsamband verkar inn på korleis folk lever. For oss er det difor naturleg også å sjå sørover mot Nordfjord, når vi ser etter nye kundar. I den samanhengen er det viktig for oss å ha kontor i Volda, seier Bakke. Møretrygd har tradisjonelt hatt hovudtyngda av kundane innan næringslivet, med vekt på fiskeri- og landbruk. Dette er framleis viktige kundegrupper, men selskapet har ein klar strategi om å auke marknadsdelen også innan andre typar forsikring for private kundar.

– Vi har tru på å vere til stades der kundane er. Medan andre innan forsikringsbransjen reduserer talet på tilsette, aukar vi staben for å kunne gi kundane våre betre service, seier Bakke.

Møretrygd vil vekse, og har sett seg langsiktige mål.

– Det som er vårt prosjekt no er å byggje eit fullskala forsikringsselskap på Sunnmøre. Vi er eit fullskala forsikringsselskap, men vi skal eit selskap som er stabilt, langsiktig og som skal vere på Sunnmøre. Vi har nokre milepålar framover. I 2020 skal vi ha ei omsetting på landbasert forsikring på over 100 millionar, og vi skal ha ei omsetting på over 100 millionar på sjøforsikring. I 2030 skal vi 300 millionar på landbasert forsikring. Vi har heldigvis flott ungdomar som kan denne arva vidare, og det gler eg meg til å sjå når eg vert voksen, seier Bakke.

I tillegg til Amdam ynskte ordførar Stein Aam i Ørsta lukke til med vegen vidare, og det same gjorde ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven.