Representantar frå Volda, Ørsta, Vartdal, Åmdal, Hødd, Stordal og Ålesunds-klubbar deltok på trenarkurset som var lagt til Volda. Etter planen skulle kurset vere over to dagar, men vêrutfordringane fredag gjorde at kurset vart gjennomført søndag. Etter teoridelen var det tid for praksis i Mørehallen. Ein av kursdeltakarane, Ole Martin Korsnes frå Åmdal IL fotball, var godt nøgd med gjennomføringa av kurset.

– Eg tykkjer at det vore bra, og instruktørane har mykje erfaring og kunnskap. Vi som ikkje har vore i trenarrolla enno merkar at det er mykje å sette seg inn i, men det verkar som ein artig og givande jobb.

Om Korsnes satsar på trevyrket har han ikkje bestemt seg for enno, men han ser for seg ei trenarrolle når han sjølv legg fotballskoa på hylla.

– Dette er første del av C-lisens, og eg skal fullføre dei tre neste delane og. Det er godt mogleg at det vert påbygging med B-lisens også, seier Korsnes. Både første og andre del av C-lisensen er retta mot barnefotballen.

Jon Olav Kriken og Vegard Riise Eikrem frå Sunnmøre fotballkrins var instruktørar på kurset i Volda, og godt nøgde med deltakinga.

– Det er glimrande at her er tretti personar på kurs, og i Volda og Ørsta er dei flinke med deltakinga på kurs. Eg trur her er ein kurskultur, seier Riise Eikrem.

Både for fotballforbundet og fotballkrinsen er det viktig at klubbane har utdanna trenarar, og det er eit av dei viktigaste satsingsområda. For klubbar som har oppfylt kravet om kvalitetsklubb, som Volda og Ørsta, er det eit krav at trenarane i klubben skal vere utdanna.

– Trenarrolla er delt inn i tre delar. Du har fagmannen, pedagogen og menneskebyggjaren. Inn i dette ligg også verdiar, og det er like viktig som å vere fagmann. I aldersbestemte klasser er vi opptekne av at vi skal utvikle gangs menneske. Fotball er den største sosialiseringsfaktoren utanfor heim og skule i samfunnet, og då må vi vere opptekne av det, seier Kriken.

Til den praktiske delen av trenarkurset stilte rundt 30 unge fotballspelarar frå VTI fotball i alderen 6 til 14 år opp.

<strong>Trenarkurs:</strong> Over tretti personar deltok på trenarkurs i Volda søndag, og Volda TI fotball stilte med spelarar til den praktiske delen av kurset.