– Dette tilfredsstiller ikkje krava til kjønnsbalanse, og dermed kan konstitueringa av formannskapet vere ulovleg, minte kommunestyrerepresentant Jon Georg Dale (Frp) om før voteringa.

Odd A. Folkestad (Frp) seier at Fylkesmannen vil gå gjennom listene, og at det kan vere mogleg at representasjonen i formannskapet må verte endra etter ein slik kontroll.

Kommunestyret gjekk likevel inn for denne samansettinga:

For dei grøn-raude: Jørgen Amdam (Ap), Fride S. Sortehaug (V), Odd Harald Sundal (Sp), Sølvi Dimmen (Sp) og Gunnar Strøm (SV). 1. vara for desse vert Øyvind Festø (MGD).

For Frp: Odd A. Folkestad, med 1. vara Roald Espset.

For Høgre: Dan Helge Bjørneset, med 1. vara Sindre Rotevatn.

For KrF: Margrethe Henny Bjerkvik og Anders Egil Straume. 1. vara er Erlend Krumsvik.

Tidlegare ordførar Arild Iversen ønskte ikkje plass i formannskapet, men sit i kommunestyret for KrF. Han er 2. vara i formannskapet.