– Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har svært spesiell topografi med utfordrande kommunikasjon over fjell og fjord med tilhøyrande utsett infrastruktur, seier Aasen.

Desse fylka har stor kraft- og energiproduksjon medrekna store ilandføringsanlegg for gass. I tillegg ligg mykje av Noregs eksportindustri i desse fylka med tilsvarande behov for vern av menneske, eigedom og transportårer. Topografien gir fare for ras, skred og andre naturkatastrofar som kan gje enorme øydeleggingar.

– Heimevernet er difor svært viktig. Det er difor feil å dele Heimevernet si leiing av landsdelen mellom Værnes og Bergen. Lokal kunnskap og kompetanse rettidig på staden er avgjerande i krig og kriser, seier Aasen.