Politidirektoratet foreslår å legge hovudsetet og politimeisteren for det nye Møre og Romsdal politidistrikt til Ålesund.

I dag held politimeisteren i Sunnmøre politidistrikt til i Ålesund, medan politimeisteren i Nordmøre og Romsdal held til i Kristiansund.

– Val av hovudsete vil i liten grad påverke polititenesta for befolkninga direkte, men skal gi det nye politidistriktet best mogleg rammevilkår for å levere gode polititenester der folk er, seier Frede Hermansen i Politidirektoratet.

Det er berre hovudseta i dagens politidistrikt som er vurdert som nye administrasjonsstader. Forslaget blir no sendt på høyring.

Høyringsfristen er sett til 17. november. Målet er at den endelege avgjerda skal vere klar i desember.

Samtidig er søkarlista til politimeisterstillinga gjort offentleg:

Skjold, Rune (41) M Avsnittssjef 1367 Snarøya, Norge

Bøen, Ingar Olav (56) M Politimeister i Sunnmøre politidistrikt

Brudevoll, Ove (50) M Sjef for retts- og påtaleeininga og fast avløysar for politimeisteren i Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Ringstad, Håvard (43) M Dagleg leiar

Ødegård, Ole Ingar (46) M Kommuneadvokat i Kristiansund

Aglen, Trond Arne (43) M Administrasjonssjef

Ein søkjar er ikkje offentleg, medan ein anna har trekt seg.