På Velle skule har det vore stor aktivitet denne veka, trass i at skulane har hatt vinterferie.

For skulefritidsordninga (SFO) har ikkje ferie i år. Fire Ørstaskular har slått saman sine skulefritidsordningar, med eit tilbod på Velle skule.

– Dette er noko vi ikkje har hatt på fleire år. Men det er mange foreldre som ikkje har høve til å ta fri når skulane har vinterferie, så det har vore eit sterkt ønske om eit slikt tilbod, seier Gunn Brandal, som til vanleg er SFO-koordinator på Vartdal SFO

Stor interesse

Ho fortel at det har vore stor interesse, sjølv om det var ei forholdsvis lita gruppe til stades då Møre-Nytt var innom torsdag.

– I dag er det rundt 15 born, men vi har hatt stort sjukdomsfråfall, seier Gunn Brandal.

Veka byrja med «bli kjent dag» måndag, sidan det var mange nye fjes å forhalde seg til for borna.

Tysdag var det grilldag.

– Vi grilla pølser med spiddepinnar i skogsområdet ved Velle skule, og kosa oss ute i sola. Det er eit veldig fint uteområde her ved skulen, seier Gunn Brandal, som til vanleg held til ved skulen på Vartdal.

Bollebaking: God mat høyrer med. Her handlar det om bollebaking.

Aking

Onsdag var det nysnø, så det var forhold for aking i snøen.

Torsdag var ein stor dag, med karneval.

– Borna har gledd seg heile veke til denne dagen. Vi har hatt dans med karnevalsmusikk, og leikar. Og så har vi laga god mat, det vil seie bollar, fortel Gunn Brandal.

Veka vart avslutta fredag med ein tur til biblioteket, og med film og popkorn.

– Ungane har hatt det kjekt og kosa seg. Det er som ein ferieleir, meinte nokre av ungane. Dei har fått møte nye born, og fått nye venner, fortel Gunn Brandal.

Vellukka

Ho meiner dette tilbodet er noko som har kome for å bli.

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå foreldre, og det er kjekt å høyre for oss som jobbar her, seier Gunn Brandal.

Bollebaking: God mat høyrer med. Her handlar det om bollebaking. Foto: SFO Foto: SFO Ørsta