Det er i tilstandsrapporten for Ørsta-skulen at Øy Driveklepp kjem med varsku-ropet i eit etterord.

– Etter kvart har det vorte klart at budsjettarbeidet for budsjettåret 2018, dvs. 7/12 av skuleåret 2017-18, vil verte svært krevjande. Resultatet vil kunne måtte gå på tvers av den stabiliteten som leiarar, lærarar og elevar er avhengige av for å få til gode resultat i framtida. Innstrammingane som kjem i budsjettet for 2018 og som er varsla for dei etterfølgande åra, vil gi trongare rammer, færre lærarstillingar og store utfordringar når det gjeld å få til forsvarlege tilhøve, særleg i dei store sentrumsklassene. Dermed vert det også endå vanskelegare å fordele stadig mindre ressursar på ein likeverdig måte. I dei fleste andre kommunar i nærområdet fordelar ein no ressursane per elev. Ei slik fordeling må også vurderast i Ørsta, skriv seksjonsleiaren i etterordet.

I sjølve tilstandsrapporten konkluderer Øy Driveklepp med at det no går bra med Ørsta-skulen.

Kostnadseffektiv

– Gjennom tett samarbeid i erfaringslæringsnettverk, gode prosessar i arbeidet med skuleutvikling og støtte og hjelp der det trengst, er Ørsta-skulen i ferd med å utvikle ein effektiv, innovativ og engasjert organisasjon. Med klart mindre ressursar enn samanlikningsgruppene, produserer Ørsta-skulen stort sett berre greie eller gode resultat. oppsummerer Øy Driveklepp.

Samla sett er det skuleåret 2016–17 færre elevar per lærar i ungdomsskulane i Ørsta enn førre skuleår, men det er framleis i snitt fleire elevar per lærar enn landssnittet på ungdomstrinnet. Dette gjeld særleg Ørsta ungdomsskule.

– Situasjonen i barneskulen har kome seg etter at ein har fått statleg tilskot til tidleg innsats og har nytta det til styrking i store førsteklasser. Kommunestyret sine styrkingstiltak i budsjettsamanheng har også bidrege, kommenterer Øy Driveklepp om lærardekninga.

Ørsta-skulen brukar ein god del mindre pengar på skule enn dei kommunane som er samanliknbare med Ørsta.

Når det gjeld dei faglege resultata seier seksjonsleiaren seg stort sett seg nøgd med resultata.

Nasjonale prøver

I dei nasjonale prøvene er dei fleste resultata karakterisert som greie eller gode. Landsgjennomsnittet er nådd i lesing for femte trinn og i lesing for og rekning for åttande trinn. Resultata i rekning for niande trinn blinkar raudt, men der forsikrar seksjonsleiaren at det er sett inn ekstra tiltak.

Sjølv om resultata for mobbing er lik eller betre enn landsgjennomsnittet for skulane i Ørsta, understrekar Øy Driveklepp at det framleis er ein veg å gå. Målet er å få ein mobbefri skule.

– Skulane arbeider kontinuerleg med relasjonskompetanse og sosial læring, og det er også eit hovudfokus i verksemdsplanen. Heile personalet vart i august 2017 kursa grundig i dei nye reglane i opplæringslova.

Stolt

– Eg er utruleg stolt av mine tilsette på alle nivå, enten dei er ute i skulane eller på skulekontoret. Med klart mindre ressursar enn samanlikningsgruppene, produserer Ørsta-skulen stort sett berre greie eller gode resultat. Det står det respekt av, seier Øy Driveklepp.

Ho trekkjer også fram fram foreldra og elevane sine haldningar og innsats.

– Dette er eit samarbeid det står respekt av! Men skal denne gode utviklinga halde fram, er skulen avhengig av stabile rammer som gir rom for det arbeidet som må gjerast, også utviklingsarbeidet.