Det fortel Vidar Johan Vartdal på Nordre Vartdal. Det er haust, og det er jakttid. For Vidar Johan og fleire er denne tida av året den beste.

Møre-Nytt vart med Vidar Johan Vartdal og Arthur Vartdal på hjortejakt laurdag. Heile dagen var sett av. Vêret var dårleg, men det affiserte ikkje desse karane.

Skitver er fordel jegeren

– Eit slikt skitver er fordel for jegeren, seier Vidar Johan bestemt.

Men likevel vart vêret kan hende noko for dårleg, for det vart dårleg sikt, og vanskeleg å observere dyr i skogsidene under dei bratte fjella.

Ei slik jakt handlar om å observere, og å vente. Det vart køyrt med bil til fleire stader i dalen ovanfor bygda. Der var det å leite fram kikkerten, og prøve å sjå om der var dyr.

– Midt på dagen ligg hjorten i ro, men på sein ettermiddag byrjar han å bevege på seg, og det vert enklare å sjå han. Likevel, vi er no midt i brunsttida, og då er alle «reglar» sett til sides. Då er det uro i hjorteflokken, fortel Vidar Johan.

Han og Arthur har drive med jakt i mange år.

Stille og fredeleg

– Eg er svært glad i smygjakt, og å gå i skogen. Det er det eg gjer aller mest. Det vert også litt posteringsjakt, men det gir meg ikkje den store jaktkjensla. Å vere ute i all slags ver og prøve å overliste hjorten i hans element, er både spennande og krevjande – og ofte utan resultat, fortel Arthur.

Han opplever skogen som stille og fredeleg.

– Ein kjem seg litt vekk ifrå kvardagen og er berre i sitt eige selskap nokre timar. Om ein skyt langt til fjells og skal drage til gards, er det også god trening. Hjortekjøt er også ei delikatesse. Å servere sjølvskoten hjort er alltid kjekt når ein har gjestar, seier Arthur.

Laurdag vart det ikkje noko hjortekjøt å hente. Trass mange timar med kikkerten, var der ikkje dyr å sjå. Men Arthur og Vidar Johan veit at dei er der.

– Det er vel tolv jegerar som har skote dyr så langt i jakta.

At dei ikkje såg dyr, er heller ikkje heilt rett. Begge var sikre på at dei såg ein hjort som låg og kvilte seg. Problemet var at det var høgt til fjells.

– Det er litt typisk, at når du ser eit dyr, er det på to tusen meters høgde. Vi måtte ha brukt heile dagen på å kome oss opp, seier Vidar Johan med ein viss ironisk snert.

Jakthistorier

Når dei observerer og kikar, vert det tid til mykje prat. Det handlar ofte om gode jakthistorier.

– Som har ein tendens til å verte betre og betre med åra. Vi legg litt på, seier Vidar Johan.

For han handlar jakta mykje om samspelet med naturen.

– Hjorten er sjølvsagt ein matressurs, men det er også eit dyr vi sameksisterer med i naturen vår. Vi har bestemt å ta på oss å regulere og å forvalte stammen til det beste for både oss og hjorten. Jakta, og organiseringa av jakta, er verkemiddelet, seier Vidar Johan.

Når hjortejakta er der, vert det hovudprioriteten, sjølv om Arthur vedgår at han var meir ivrig før.

– Eg brukar ikkje like mykje tid på jakt no som eg gjorde tidlegare. Men når ein fyrst har bestemt seg for å vere med, då går raskt heile dagen og kvelden. I alle fall om ein skal jakte til skogs og i fjellet. Utover hausten vert det tidleg mørkt, og då er det snart berre i helgene ein rekk å jakte om ein skal ha dagslys, fortel han.

Det nærmar seg kvelden på Nordre Vartdal, og det er tid for å bryte opp.

– I dag var det hjorten som vann. Men du må ikkje skrive at vi har skote vekk alt her på Nordre Vartdal, seier Arthur og Vidar Johan med eit smil.

Brunstlur: Vidar Johan Vartdal prøver å lokke fram ein hjort med å simulere brunstlydar. Foto: Lene Flataker
Observere: Vidar Johan Vartdal og Arthur Vartdal prøver å lokalisere dyr i skogsida. Foto: Rune Sæbønes