I løpet av dei siste åra har namnet til Andreas Skylstad dukka opp og markert seg i dei fleste motbakkeløp både lokalt og regionalt. For i overkant av fem år sidan la han vekk styrketreninga og byrja å trene kondisjon. Mykje springing i flatt terreng førte til skader og etter kvart vart flatene bytta ut med motbakkar. Dei siste åra har han lagt bak seg mange høgdemeter, og over 100.000 høgdemeter kvart av dei siste tre kalenderåra.

– Eg er eit konkurransemenneske. Når eg først har bestemt meg for noko, så går eg all inn og vil gjere det best mogleg.

Til dagleg er 29-åringen busett på Nordfjordeid og tilsett i selskapet Normatic. Mykje av treninga vert lagt ned i nabofylket, men når sjansen byr seg reiser han heim for å bruke dei heimlege fjella.

– Eg har vakse opp på Skylstad. I barndomen har eg gått mykje i fjella og far min var flink til å ta oss med på tur.

Favorittfjellet til Skylstad er Slogen. I sommar vart det totalt sytten turar til toppen. I fjor var han til topps av Slogen to gonger på ein dag, og i år ville han ta det eit hakk vidare. På 6 timar og 41 minutt var han opp og ned på toppen av Slogen tre gonger.

– Det var konkurransemenneske i meg som gjorde at eg ville ta det vidare i år, og presse meg litt lenger. Eg kan ikkje stagnere med å gjere akkurat det same på ny, seier Skylstad med eit smil.

Slogen spelar og ei rolle i satsinga på motbakkeløp. Den lokale rekorden på Slogen er sett av den tidlegare naboen til Skylstad på 1 time 2 minutt og 45 sekund. Skylstad sin rekord frå tre år sidan er 1 timar 4 minutt og 11 sekund.

– Det er ein motivasjon å ha denne tida å strekke seg etter.

I år har Skylstad fjorten startar i ulike konkurransar. Stoltzekleiven opp vart det siste løpet i år det kom på 27.-plass med tida 9.31 av over 3.400 deltakarar på herresida. I Skåla opp vart det 19.-plass og i Hornindal rundt (38 km) vart det ein litt sur fjerdeplass. I tillegg til å markere seg i dei store løpa vart det siger for Skylstad i Saksaløpet, Dalegubben opp, Ørsta fjellmaraton, Trollenykjen opp, Melshorn opp og Trollevassnyken opp.

– Målet mitt er å bli best mogleg og heile tida klare å ta nye nivå. Eg har fått konkurrert mot dei beste i Noreg, og det hadde vore morosamt å vere på det nivået. For å kome dit må eg legge ned endå fleire timar med trening til neste år.

I ei optimal treningsveke for Skylstad vert det ti til tolv timar med trening. Vekene med konkurranseløp er litt rolegare. Sjølv med deltaking i fjorten konkurransar i år har 29-åringen passert 120.000 høgdemeter i 2017. Han likar seg godt aleine på treningsturane.

– Det er ganske sytalaust å berre tenkje på seg sjølv. Eg har aldri hatt noko treningsopplegg, og eg gjer det eg vil alt etter vêr og vind. Om vêret er skikkeleg dårleg trenar eg på med sykkel på rulle innandørs. Er det strålande fint vêr trenar eg med landevegssykkel og spring i motbakkar. Om lag ein tredjedel av treninga som eg legg ned er på sykkel.

Til neste år har Skylstad eit mål om forbetre tidene sine i mange av dei same løpa han har teke del i år.

– Eg forbetra tida mi i Hornindal rundt med femten minutt i år, og det er eg godt nøgde med. I tillegg har vore morosamt å gjere det godt i alle dei lokale løpa. Det hadde og vore kjekt å bli betre til å springe i nedoverbakkar for å hevde seg betre i fjellmaratonar, seier Skylstad som understrekar at det aldri er for seint å byrje med motbakkeløp og vonar at kan inspirere andre.