Pizza er enkel helgamat som det går relativt raskt å lage. Ein sprø og tynn botn som er dekt av krema kvit saus av crème fraiche og spennande smakskombinasjonar som eple, spekeskinke og smørsteikt fennikel – det er rett og slett skikkeleg helgekos!

Den tynne pizzabotnen treng berre få minutt i steikeomnen og den kvite sausen går kjapt å røre saman, så dette er lettvint mat. Det er kanskje ikkje eple og fennikel som slår deg fyrst når du tenkjer på pizzafyll, men tru meg når eg seier at dette berre må prøvast! Fennikel smakar mildt av lakris og er nydeleg saman med salt spekeskinke og syrleg eple.

Ingrediensar til 2 store pizza:

Deig:

• 400 g durumkveitemjøl

• 150 g kveitemjøl

• 25 g gjær

• 10 g salt

• 50 g olivenolje

• 320 g vatn

Kvit saus:

• 2 dl crème fraiche

• 2 fedd kvitløk, knust

• 1 ss fersk rosmarin, finhakka

• 1 ss fersk timian, finhakka

• salt & pepar

Fyll:

• ½ fennikel

• 1 eple (Pink Lady)

• 100 g spekeskinke

• 150 g mozzarella

• 1 middels stor sjalottløk

• smør, til steiking

• parmesan

• fersk timian, til servering

Bland saman ingrediensane til deigen og elt godt i maskin i ca. 10 minutt. Juster ev. med meir vatn eller mjøl til deigen er glatt og smidig. La heve til dobbel storleik, ca. 1- 1 ½ time.

Skjær fennikel i tynne skiver på ca. ½ cm. Varm opp ei steikepanne og ha i smør. Steik fennikelen på middels lav varme til den blir gyllen og mør og krydre med litt salt og pepar. Skjær eplet i tynne skiver med ein kniv eller ostehøvel. Skjær deretter mozzarella i skiver og sjalottløk i tynne ringar.

Forvarm ein pizzabakestein eller steikebrett i steikeomn på 240 ºC. Del den ferdigheva pizzadeigen i to emne. Strø litt mjøl på benken og trykk ut til ovale pizzabotnar. Bruk fingertuppane og strekk og form deigen utan å presse ut all lufta til du har ein botn på ca. ½ cm. Strø mjøl på den varme pizzasteinen i omnen og flytt pizzabotnen over på den og steik i ca. 5 minutt. Gjenta med neste.

Bland saman ingrediensane til den kvite sausen og smak til med litt salt og pepar.

Smør eit lag med kvit saus utover dei forsteikte botnane. Riv litt parmesan over sausen og fordel utover fennikel, eple, spekeskinke, mozzarella og sjalottløk. Sett pizzaen tilbake i omnen på den varme steinen og la steike til den er gyllen på farge og sprø i kantane, ca. 10 minutt. Server med parmesan og fersk timian.

Helgamat: Helgamat er Møre-Nytt si matspalte, og står på trykk i avisa kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten. Om spaltisten: Eg heiter Mari-Lene Korsnes og er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeidar og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging! Foto: Marius Myklebust