Det handlar om ugildskap, forsøk på å lukke eit møte utan lovheimel, vedtak i strid med skiltplanar, uklar fordeling av arbeidet med å skaffe settekommune m.m.

–Ei svært interessant sak å ha på bordet, kommenterte leiar i kontrollutvalet, Sven Castberg, då utvalet var samla til møte onsdag.

Her gjekk dei gjennom punktvis dei ulike temaa. Når det gjeld gildskapen til utvalsmedlem Karl Asgeir Sæbønes, har det vore uklart kva tid han har sagt at han er ugild i saka. Dottera hans bur i Osgeila.

– Ifølgje utvalsleiar kom dette svært tidleg på bana, men han var med og gjorde eit vedtak i saka i mai i fjor. Om det er slik at utvalet og leiaren har visst om ugildskapen på dette tidspunktet, er det kritikkverdig at det ikkje vart teke opp, kommenterte utvalsmedlemene.

Men kritikken er moderert noko etter at politisk sekretariat leverte ein uttale til kontrollutvalet. Der kjem det fram at Karl Asgeir Sæbønes ved to høve har løfta fram Osgeil-saka, men som spørsmål og ikkje som politisk sak.

– Det kan ikkje vere slik at lokalpolitikarar er ugilde om dei stiller spørsmål til drøfting. Då vil vi kvele det politiske engasjementet. Det er viktig å skilje mellom det å stille spørsmål og det å delta aktivt i ei sak, sa Anne Stine Foldal Åm.

– Leiaren i samfunnsutvalet fekk oss til å tru at protokollane var dårleg ført, men det er dei ikkje, sa Castberg.

Sæbønes får likevel noko refst fordi han ved eitt høve har vore med på å gjere eit vedtak. I saksutgreiinga frå Vest Kontroll legg dei også vekt på at Sæbønes har vore ein aktiv pådrivar for å få saka på dagsorden – og då truleg utan å tydeleg informere om at han ville vere ugild i handsaminga av ei eventuell sak.

Også rådmann Wenche Solheim, som er ugild i saka fordi ho bur i ei sidegate til Osgeila, får refs. Mellom anna for å ha sendt saksinformasjon per e-post til ein sakshandsamar i kommunen. På møtet onsdag vart det også lagt på bordet fleire bilde av Facebook-meldingar, der rådmannen skal ha teke aktivt del i diskusjonen om Osgeila på sosiale medium.

– Det er vanskeleg å vere rådmann med ein fot i grunneigarleiren og ein i kommuneleiren og samstundes engasjere seg på sosiale medium, og vareta omdømet til Ørsta kommune, og den tilliten folk treng å ha til administrasjonen, sa Åm.

– Det er eit verre overtramp dette, enn det Sæbønes har gjort, meinte Peder Slenes.

Kontrollutvalet skjerpa difor omtalen av rådmannen, og seier at rådmannen må vere varsam med bruken av sosiale medium. Ho får også kritikk for å vere subjektiv i e-postar til sine tilsette.

Kontrollutvalet vedtok ei tilråding til kommunestyret i fleire punkt. Mellom anna: «Kommunestyret stiller seg kritisk til handsaminga av Osgeil-saka i samfunnsutvalet i 2016–2017. Kommunestyret bed dei folkevalde og administrasjonen ha eit auka fokus i høve omsyn til gildskap og god forvaltningsskikk. Kommunestyret kjenner vedtak gjorde i samfunnsutvalet i Osgeil-saka i 2016–2017 om inkje, med vidare handsaming i formannskapet og kommunestyret.»

Ulstein kommune er valt til settekommune i saka, etter fleire rundar der mellom anna Statens vegvesen og Skjåk kommune har vore inne i bildet som settehandsamarar.

– Det verkar rotete det som har skjedd. No må vi få ro i saka, og tilliten tilbake for alle partar. Det trur eg vi gjer med dette, sa utvalsleiaren, som igjen understreka at dei som kontrollutval berre ser på sjølve handsaminga av saka, og ikkje går inn og vurderer sjølve saka.

Neste møte i kommunestyret er 27. april.

Osgeila: Stridens kjerne. Det skulle handle om trafikktrygging, men har vorte til ei svært betent sak for naboane i området. Foto: Janne-Marit Myklebust