Det seier Mats Riise som no skal drifte kafeane i varmestova og på Eitrefjell. 30-åringen frå Sæbø likar seg godt på Bondalseidet og har vore å sjå både i bakken og i kafeane sidan han var ein liten gut. Tidlegare er det Ørsta skisenter som har stått for drifta av kafeane, men i fjor bestemte styret at kursen skulle endrast.

– Dei bestemte at skisenteret skulle konsentrere seg om å bli steingode på si kjerneverksemd som er å skape gode skiopplevingar. Dei ville finne nokon andre som var flinke til å drive kafeane for at også det skal bli best mogleg. Dette er noko som eg har hatt lyst til å drive med, og eg har gleda meg til å kome i gang i nokre månader no, seier Riise.

Finne den beste og mest realistiske måten

Då kafedrivaren for nokre år sidan skreiv bacheloroppgåve var det nettopp om Ørsta skisenter.

– Om dette var eit frampeik for kva som skulle skje veit eg ikkje. Eg har hatt nokre idear og draumar om korleis eg kunne gjere det betre. Så handlar det om å finne den beste og mest realistiske måten for å få dette til så godt som mogleg, seier han med eit smil.

– Skal gle seg til å legge turen innom kafeane

Eit mål for Riise er at dei vitjar og nyttar skianlegget på Bondalseidet skal verkeleg gle seg til å legge turen innom kafeane.

– Vi har ikkje gjort dei kjempestore endringane på sjølve bygga, men kafeen nede vert utvida med rundt 30 sitteplassar. Her handlar det om å gjere små grep for å betre komforten, og gjere det enklare for å besøkjande å finne ein sitteplass.

Mattilbodet vil verte endra ein god del når Ørsta skisenter opnar opp for sesongen.

– Utvalet blant kioskvarene vil auke, og vi kjem til å køyre eit gatekjøkken/kiosk-konsept i kafeen nede. Det vil bli meir å velje mellom i matvegen samanlikna med tidlegare. På Eitrefjell vil det vere litt meir restaurant, og i helgene skal du kunne kjøpe middagen din der. Eg vil prøve ut litt forskjellige idear og sjå kva som fungerer her.

Gler seg til sesongstart

Arbeidet med å gjere lokala klare til sesongopning er godt i gang, og då Møre-Nytt vitja skisenteret tysdag føremiddag var og snøen på plass.

– No gjer vi siste finpussen og ventar på at skisenteret skal opne opp for sesongen. Eg gler meg til å kome i gang.

No ser Riise fram til at lokala vert fylt opp av gjestar, og vonar at dei tek imot det nye tilbodet med opne armar.

– Eg har brukt mange timar av mitt liv på Bondalseidet. I tillegg har eg alltid interessert meg for mat. Då sjansen til drive kafeane på skisenteret dukka opp, var det ein perfekt match.

Glad for snø: Det var kvitt på Bondalseidet tysdag, og Mats Riise vonar at sesongstarten for Ørsta skisenter ikkje er langt unna. Foto: Joachim Åsebø