I starten av september skreiv Møre-Nytt om Isak Standal Kolås (6) som er fødd med det sjeldne syndromet Mowat Wilson. Han er diagnostisert som moderat psykisk utviklingshemma, har epilepsi, og eit stort hjelpebehov. Foreldra søkte Ørsta kommune om avlasting på institusjon i feriane, til saman om lag fem av 14 ferieveker, men dei fekk tilbod om berre to, utanom institusjon.

– Det var ei ordning vi ikkje kunne akseptere. Isak treng tilsyn døgnet rundt, og å finne folk utanom institusjon som kan ta vare på Isak, ville ha vore alt anna enn enkelt. Vi har brukt fire år berre på å finne avlastarar som kan ha han to helger i månaden, fortel Gry Susann.

Foreldra klaga på vedtaket, og no har kommunen snudd.

– Vi har fått tilbod om fire veker avlasting i feriane i dei nye bustadene i Dalevegen. Der skal vere kompetent personale og flotte lokale. Vi er så glade for at kommunen endeleg såg kva behov vi har, og for at dei endeleg kjem i gang med tilbod om barneavlasting. Dei har også sagt at dei vil prøve å finne ei ordning for avlasting i juleferien i år, noko vi er svært takksame for. Det løner seg å stå på krava, og ikkje gi opp.