Levekårsutvalet var i førre møte på synfaring i Vartdal kyrkje. Der kom det fram at det er ròteskadar på kledningen på vestsida i tårnet og vasslekkasje i same område. I eit oversendingsframlegg bed levekårsutvalet at formannskapet løyvde 50.000 kroner frådisposisjonsfondet for å utbetre/førebygge den akutte vasslekkasjen i tårnet. Tysdag handsama formannskapet saka. Både Paul Kristian Hovden (KrF) og Tove Halse Digernes (Sp) stilte spørsmål til administrasjonen om det var mogleg oppdrive pengar. Rune Hovde (H) bad formannskapet tenkje seg om før dei løyvde pengar.

– Ørsta kommune har stort sett pengar til det meste no, og 50.000 kroner er ingenting. Men vi må tenkje på korleis dette vert organisert, sa Hovde.

Han peika på at Det kyrkjelege fellesråd har sine eigne budsjett, og at dei sjølv prioriterer kor mykje pengar som vert brukt til vedlikehald kvart år.

– Dette er ei sak som kjem drivande inn frå sida og som det er lett å seie ja til. Av og til må vi tenkje oss om, og eg er svært skeptisk. Alt kostar og det går ut over eit eller anna, sa Hovde som meinte at formannskapet hadde eit tynt grunnlag for løyve pengar.

Høgre-politikaren fekk støtte frå Gunnar Knutsen og fleire av politikarane i formannskapet.

– Dette er ei sak som kan skape presedens. Eg vil tippe at det er behov for vedlikehald ved fleire kyrkje, sa Knutsen.

Rådmann Wenche Solheim sa at ho sakna ei fagleg vurdering i saka.

– Vi skal ha i hop eit budsjett for 2017 og det vert nok harde prioriteringar framover. Sjølv om vi er herre i eige hus så har vi ikkje så god råd.

Hovden fremja eit forslag der formannskapet bed Kyrkjeverge om kostnadsoverslag i høve omtala skade på Vartdal Kyrkje, og at saka vert å handsame i neste møte i formannskapet.

Forslaget frå Hovden vart samrøystes vedteke. Nestemøte i formannskaet er 8. november.