Høna heiter Rebekka og bur på Øvre Mo. Her lever ho i sus og dus saman med sambuaren Tuppe Kristina, i hagen til Silje (5) og Sigrun Viktoria (7). I alle fall hadde ho det svært bekymringsfritt heilt til 1. august.

– Det kom ein katt og jaga henne under bilen til naboen, kan Silje fortelje.

– Og så køyrde naboen ein tur. Han sjekka under bilen, men såg ikkje Rebekka. Men ho var der. Ho berre gøymde seg, kan dei to fortelje.

Naboen suste av garde. I sentrum klarte ikkje Rebekka å knipe seg fast lenger, og ho vart observert noko forfjamsa i området ved Nordea-bygget.

Og kanskje kunne historia ha enda der. Matmor i huset, eller hønemor, som politiet valde å titulere henne som, var nemleg på leiting i sentrum etter den sakna høna, men utan hell. Politiet plukka henne opp på Europris, eit godt stykke unna Nordea-bygget, klokka 21.00 om kvelden. Dei etterlyste eigaren via Twitter, med følgjande melding: Politipatrulje i Ørsta har kome over ei laus høne i sentrum. Er det nokon som saknar ein slik fugl?

Like etterpå melde dei at dei hadde gjennomført hønsejakt, og at dei hadde høna i bilen.

Eigar vart etterlyst, og snart kunne patruljen køyre Rebekka heim til Øvre Mo for gledeleg attersyn med Tuppe Kristina og resten av gjengen.

Men politiet kunne fortelje at den lause fuglen nok hadde hatt si livs oppleving denne kvelden. Ei fjør vert som kjent ofte til fem høns.

– Ho fekk sitje på med rånarar, fortel dei to systrene.

– Nokon hadde sett henne stikke opp frå takluka til ein rånebil!

Bygdas lause fugl fekk dermed både bruse med fjøra og rikeleg med vind under vengene denne kvelden. Og det gav definitivt ikkje meirsmak.

– Det var ei sliten, men lykkeleg høne som kunne klukke seg inn i buret denne kvelden, fortel matfar i familien.

Og Rebekka trengde noko tid til å kome seg. Ho halta på eine foten, og hadde eit sår på halsen, og matlysta uteblei i eit par veker. Men no har ho funne seg sjølv att og har byrja å legge egg igjen.

– Klukk, klukk! seier ho.

Ho har nok ei høne å plukke med desse rånarane. For det er vel slik at det er betre med ein fugl i handa enn ut gjennom ei takluke. Var det ikkje slik?

<strong>På tuppa:</strong> Rebekka vart sett i varetekt av politiet etter ein noko utagerande tur i Ørsta sentrum. Politiet plukka den lause fuglen opp ved Europris, og svinga henne heim til Øvre Mo. Foto: Politiet