Om du har vore på søndagsutflukt i Bakketunet på Bjørke, har du nok lagt merke til det. Hovudhuset på Erkegarden skil seg heilt klart ut i terrenget. Sjølv om det har sett betre dagar, anar vi spora av tidlegare tiders prakt når vi står ute på tunet.

– Eg var den siste som budde her, då eg flytta tilbake til Bjørke etter mange år ute, seier Ole Jørgen Mork. Han og syskena hans vaks opp i huset. Då Ole Jørgen kom tilbake til Bjørke i 1978, budde han i Erkehuset medan han bygde sitt eige hus på tomta nedanfor.

Snart skal dottera Reidun Mork Heltne skal etter planen ta over delar av garden. Ho hadde ikkje høve til å vere med på denne reportasjen.

Inspirasjon frå hotell?

Vi går inn i kjellaren, og beveger oss opp i første etasje. Lyset utanfrå passerer gjennom dei flotte blå- og raudfargane i vindauget når vi står ved trappa. Det er som å vere i ei kyrkje.

– Huset er likevel mest spesielt i loftsetasjen og sett utanfrå, seier Inge Kolås.

Handverkaren frå Follestaddalen i Ørsta har teke over Erkehuset frå Mork-familien, og i mai går han i gang med totalrenoveringa.

– Vi startar med å ordne opp i drenering, rør og kloakk rundt huset. Deretter blir det å få opp stillas, løfte av taket og byrje frå botnen. Det er nok å ta tak i, men huset har mange gode kvalitetar. Her er heilt klart bøtevon, seier han.

– Vi i familien såg ikkje oss syn med å gå i gang med restaureringa, så då var det ei veldig god løysing for oss at Inge ville overta, seier Mork.

Erkehuset vart teikna og bygt av John Mork, far til Ole Jørgen og syskena på 1930-talet. Tømmeret vart slept inn Hjørundfjorden frå Valle i Skodje.

– Far min var nok av typen som ville ha noko som ikkje alle andre hadde. Det er nok ein del av forklaringa på at huset har ein spesiell arkitektur, seier Mork.

Kolås trur Mork senior var inspirert av hotellet som stod på Bjørke på 1800-talet.

– Hotell-bygningen vart selt på auksjon og demontert i 1898. I dag står han i Os utanfor Bergen, heiter Solstrand Hotell og Bad og er eitt av Noregs flottaste hotell. Det er heilt klart likskapar i arkitekturen i dei to bygningane, seier Kolås.

Delvis ferdig i år

Sjølv om ingen har budd i huset på mange år, er det mange spor av liv mellom veggane. I omkledningsromet på loftet får Mork auge på noko.

– Denne vesten fekk eg skreddarsydd i Bergen på 1970-talet.

Mork er møbeldesigner av yrke, men mange kjenner han nok både som geitebonde og antikvitetshandlar. Inne på eit av soveromma står eit radiobord han sjølv har teikna. I naborommet står senga som John Mork bygde til Ole Jørgen då han vart fødd.

– Den skal få ei god plassering når restaureringa er ferdig, seier Kolås.

Restaureringa skjer nedanfrå og opp, og handverkaren har von om at kjellaren kan vere ferdig restaurert allereie i år.

Kulturformidling

– Men kva skal huset brukast til når det står ferdig?

– Det spørsmålet har eg ikkje eit fullstendig svar på i dag. Men det er iallfall eit mål å vise fram noko av den kulturhistoria garden, bygda og ikkje minst Ole Jørgen ber på, seier Kolås.

Kjellaren skal etter planen bli eit dokumentasjons- og opplevingssenter.

– Skaparverket til Ole Jørgen er verd å vise fram. Han har til dømes ei rekkje møbelmodellar han har teikna. Det same er mykje anna av kulturhistoria på Bjørke, seier Kolås.

Når «Hjørundfjorden rundt» no blir eit satsingsområde for reiselivsnæringa, passar det endå betre å restaurere huset, meiner Kolås.

– Eg er oppteken av at kultur og natur skal gå hand i hand i Hjørundfjord-satsinga. Då ligg dette midt i løypa, og like i nærleiken av etablerte institusjonar som Bakketunet og Mork Antikvitetar. I Erkehuset vil det vere rom for kunstutstillingar, kulturarrangement og overnatting i historiske omgivnader.